Ny biblioteksjef ved Time bibliotek

Anne Tjørhom Frick (38) er tilsett som ny biblioteksjef i Time kommune. Ho tar over stillinga etter Aud Søyland Kristensen som går av med pensjon ved årsskiftet.

Tjørhom Frick er i dag biblioteksjef i Gjesdal kommune. Ho har tidlegare arbeidd i Sandnes bibliotek, Stavanger bibliotek, Statoil ASA og som høgskulelektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Tjørhom Frick har ein mastergrad i bibliotek- og informasjonsvitskap frå Danmarks Biblioteksskole i København og tilleggsutdanning i kunnskapsleiing frå Høgskolen i Innlandet. Ho tar til i stillinga rundt årsskiftet.

- Time har eit flott bibliotek, og eg gler meg til å vera med å vidareutvikla biblioteket saman med dei tilsette, seier den påtroppande leiaren.

– Eg ser fram til å få Anne med på laget. Eg er trygg på at ho vil leia den vidare utviklinga av Time bibliotek på ein god måte, med visjonen om at biblioteket skal vera «ein oase for kunnskap og opplevingar» som rettesnor, seier kultursjef Trond Lie.

Det var 10 søkarar til stillinga.