Kommunedirektør Trygve Apeland legg fram sitt forslag til budsjett 2027 og handlings- og økonomiplan for 2027-2030 på Bryne Kino 27. oktober 2026.
Are M. Heiseldal
Planen viser korleis kommunen vil prioritera ressursane sine for å sikra gode og stabile tenester til innbyggarane, samtidig som ein møter dei økonomiske og demografiske utfordringane på ein ansvarleg måte.
Kommunen sitt driftsbudsjett for 2027 er på 2,1 milliardar kroner. I økonomiplanperioden er det føreslått investeringar for 732 millionar kroner. Det er budsjettert med eit resultat på 32 millionar kroner, tilsvarande 1,5 % av driftsinntektene.
Effektiv kommune
Time kommune leverer gode tenester til innbyggarane med låg ressursbruk, og er blant dei mest effektive kommunane i landet.
– Me har mykje å vera stolte av i Time. Me kjem svært godt ut i alle nasjonale kåringar, og det er først og fremst resultatet av svært godt arbeid frå våre tilsette. Dei klarer kvar dag å levera god kvalitet, og det skal me både vera glade for og stolte av, seier kommunedirektør Trygve Apeland.
Mindre økonomisk handlingsrom
Samtidig understrekar kommunedirektøren og økonomisjefen at effektiv drift ikkje er nok til å løysa dei økonomiske utfordringane kommunen står overfor dei komande åra.
– Handlingsrommet vårt er blitt mindre. Den generelle prisveksten gjer det dyrare å driva kommunen, samtidig som løns- og pensjonskostnadane aukar. I tillegg brukar me mykje pengar på renter og avdrag etter dei store investeringane me har gjort dei siste åra. Det betyr at ein større del av inntektene våre er bundne opp før me skal prioritera nye tiltak og satsingar, seier økonomisjef Sami Munawar.
Utset bygging av ny sjukeheim
Are M. Heiseldal
Den største endringa i kommunedirektøren sitt forslag er at bygginga av den nye sjukeheimen blir utsett. Behovet for nye sjukeheimsplassar er framleis til stades. Reguleringsarbeidet i det aktuelle området vil fullførast, men det er ikkje økonomisk grunnlag for å gjennomføra bygginga nå:
– For å handtera kostnadane ved å investera i og drifta ny sjukeheim må me auka inntektene våre eller redusera kostnadane våre med om lag 90 millionar kroner, seier Munawar.
Kommunedirektøren foreslår derfor at ein det neste året ser på moglegheita for å gjera ytterlegare innsparingar i drifta. Dette vil i så fall koma i tillegg til det fireårige omstillingsprosjektet kommunen har fram til 2028 der ein reduserer dei årlege driftskostnadane med totalt 45 millionar kroner.
Vil utgreia eigedomsskatt på næring
Samtidig foreslår kommunedirektøren å utgreia eigedomsskatt på næringseigedom. Ein slik skatt vil ikkje omfatta private bustadar eller fritidsbustadar, og heller ikkje eigedomar som vert drivne som gard- eller skogbruk.
– Me skal framleis levera gode tenester til innbyggarane. Samtidig må me vera ærlege på at me ikkje kan gjera alt på ein gong. Me må prioritera og finna løysingar som gjer at me kan oppretthalda gode og berekraftige tenester òg i framtida, seier Apeland.
Prioriterer barn, unge og basseng
Sjølv om det økonomiske handlingsrommet er avgrensa, legg kommunedirektøren opp til å styrka drifta av tenester som arbeider med barn og unge i sårbare livssituasjonar. Målet er å sikra gode og tilgjengelege tenester for dei som har særleg behov for støtte og oppfølging.
– Barn og unge som treng ekstra støtte og oppfølging, skal møta gode tenester når dei treng det. Derfor styrker me desse tenestene med 4,5 årsverk, seier Apeland.
Kommunedirektøren har òg funne rom til å prioritera ei rehabilitering av bassenget på Bryne ungdomsskule til 40 millionar kroner. Målet er å forlenga levetida til dagens anlegg og legga til rette for at bassenget framleis kan vera eit viktig tilbod til skulane og innbyggarane i åra framover.
– Ei rehabilitering av dette bassenget vil gjera det mogleg å vidareføra symjetilbodet og samtidig utnytta anlegget me allereie har på ein god måte, seier kommunedirektøren.
Kommunestyret avgjer
Kommunedirektøren sitt forslag til budsjett for 2027 og handlings- og økonomiplan 2027–2030 vart lagt fram 27. oktober. Dei folkevalde skal no arbeida med budsjettet fram mot endeleg behandling i kommunestyret 9. desember.
Heile forslaget til handlings- og økonomiplan finn du her:
Kommunedirektørens forslag til handlings- og økonomiplan for Time kommune 2027-2030
Her er ein filmsnutt som forklarar essensen i planen:
Og her kan du sjå heile presentasjonen til kommunedirektøren og økonomisjefen: