Lyspris til Kaizersplassen

Nanco Hoogstad  Kåra til årets utandørsprosjekt av organisasjonen Lyskultur.

"All ære til Time kommune som har latt belysninga spela førstefiolin i planlegginga av eit offentleg byrom, og med det skapt ein nytenkande, spektakulær, inviterande og veldig inspirerande plass." heiter det i grunngjevinga til juryen.

Onsdag kveld vart Norsk lyspris delt ut til seks vinnarar i ulike kategoriar under arrangementet Norsk Lyspris 2019 i Oslo. Kaizersplassen vart kåra til årets beste utandørsprosjekt. Lysdesignet er laga av Halvor Næss Belysningsdesigner AS. Dimensjon rådgivning var landskapsarkitekt på prosjektet.

Norsk lyspris er den gjevaste heidersutmerkinga for lysdesign og belysningsprodukt i Noreg. Prisen vert delt ut årleg i regi av den ideelle organisasjonen Lyskultur. Ein av vinnarane kan også verta nominert til Nordisk Lyspris, som vert arrangert av dei nordiske lysorganisasjonane.