Kulturbanken får Byutviklingsprisen 2023

Kulturbanken er årets vinnar av Byutvikligsprisen 2023. Prisen vart utdelt av ordførar Andreas Vollsund under Bykonferansen torsdag 9. november

Iren og Frode Førland - Klikk for stort bileteIren og Frode Førland tok imot prisen på vegne av Kulturbanken Linn Iren Nilsen Oppedal

Bryne fekk bystatus i 2001, og sidan 2003 har Time kommune i samarbeid med Bryne Næringsforening og Brynes Vel årleg delt ut ein eigen byutviklingspris. Prisen er ei «påskjønning til enkeltpersonar eller firma som på ein spesiell måte har markert seg positivt i utviklinga av Bryne».  

Juryen har i år bestått av Kenneth Lia, dagleg leiar Bryne Næringsforening, Olav Hetland, styreleiar Brynes Vel og Trond Lie, kultursjef Time kommune.  

 Juryen si grunngjeving:  

"Årets prisvinnar har i mange år vore viktig for barn og unge på Jæren som ønsker å delta i kulturaktivitetar. Prisvinnaren har gitt barn og unge ein scene å stå på. Andre har fått oppgåver og ansvar i tilknyting til planlegging og gjennomføring av teaterførestillingar, show og konsertar. Alle har dei fått noko å strekka seg etter, samhald, opplevingar  og minne for livet.  

Prisvinnaren er ein organisasjon som dei seinare åra har vore i vekst og endring. Dei har kjøpt og flytta til nye lokale i Bryne sentrum. Der tilbyr dei øvingsrom og opplæring for 150-200 barn og unge årleg. I tillegg har dei etablert ein ny konsertscene. Slik har dei blitt eit fint supplement til kulturhuset Storstova og Time kulturskule. Og dei har blitt ein god nabo og viktig samarbeidspartnar for fleire av utestadene på Bryne. 

I tillegg har prisvinnaren i mange år vore ein viktig bidragsytar til Livsgledefestivalen, Potetfestivalen, julegrantenninga, ferieaktivitetar for barn og unge og fleire andre store og små arrangement.  

Prisvinnaren har ikkje hatt ein lett veg til der dei er i dag. Det er lagt ned ein formidabel frivillig dugnadsinnsats kombinert med sterk idealisme. I dag gler me og byen oss over resultata prisvinnaren har oppnådd.  

Byutviklingsprisen 2023 går til Kulturbanken."