Kommunedirektør Trygve Apeland la fram forslaget i Bryne kino onsdag 25. oktober.
Linn Iren Nilsen Oppedal
I dag vart forslag til budsjett for 2024 og økonomiplan for perioden 2024-2027 lagt fram av kommunedirektør Trygve Apeland og økonomisjef Sami Munawar.
Kommunen sitt driftsbudsjett for 2024 er på 1,78 milliardar kroner. I økonomiplanperioden er det føreslått investeringar for 922 millionar kroner. Samanlikna med vedtatt økonomiplan 2023-2026 er investeringsnivået redusert med 335 millionar kroner.
Nødvendig å stramma inn
- Kommunen merker godt at renta stig. Mens kommunen hadde renteutgifter på 18,1 millionar kroner i 2021, budsjetterer me i 2024 med 86,7 millionar kroner. Utgiftene til renter vil til neste år passera beløpet me betaler i avdraga på låna våre for første gang på lenge. Time har store investeringar bak seg som må betalast. Det er derfor heilt nødvendig å stramma inn på nye investeringar, seier økonomisjef Sami Munawar.
Økonomisjef Sami Munawar fortalde om den økonomiske situasjonen som kommunen må ta omsyn til.
Linn Iren Nilsen Oppedal
Kommunedirektøren føreslår derfor å utsette bygginga av ny symjehall og oppgradering av Hognestad skule til etter 2027. I tillegg er planlagd ombygging på rådhuset avlyst.
- Dette er ei prioritering for å dekka det auka behovet for kommunale tenester og sikra andre nødvendige investeringar, seiar Trygve Apeland.
Fleire eldre
Behovet har auka mest innan eldreomsorga. Kommunedirektøren meiner derfor at det er nødvendig å oppbudsjettera tenesteområdet Helse og velferd med 17 årsverk.
- Me opplev ein betydeleg vekst i den eldste delen av befolkninga i Time. I tillegg merkar kommunen at sjukehuset skriv pasientar tidlegare ut enn før, og at det er behov for tyngre helsefaglege tenester. Me må førebu kommunen på å handtera denne auken og sikra at desse får gode tenester, seier Apeland.
Om ti år vil Time kommune ha 50 prosent fleire innbyggarar over 67 år og 100 prosent fleire over 80 år samanlikna med i dag.
Satsar på barn og unge
I kommunedirektøren sitt forslag ligg det òg midlar til årsverk innan førebyggande arbeid i barnehage, styrking av tidleg innsats 1.-4. trinn og tilpassa opplæring 5.-10. trinn.
- Prioritering av det førebyggande arbeidet er ei viktig investering, sjølv om ein ofte må ha eit langsiktig perspektiv på effekten. I økonomiplanen har me valt å vidareføra satsinga på Laget rundt læraren og eleven, noko som gjer at me kan behalda ekstra ressursar i PPT og skulehelsetenesta. Det gjer at tenestene kan vera meir ute på skulane og treffe elevane og jobbe saman med dei tilsette der, seier Apeland.
I tillegg foreslår kommunedirektøren fleire tiltak retta mot barn og unge. Blant desse er oppgradering av leikeplassar og uteområde, støtte til aktivitetar i skuleferiane og støtte til fritidsaktivitetar for dei som treng det.
- Mange opplever nå ein trong privatøkonomi. Det er derfor viktig at me prioriterer tiltak som minskar forskjellar, og bidreg til at Time kommune er ein god kommune å veksa opp i, seier Apeland.
Kommunestyret avgjer
Kommunestyret i Time har eit mål om at kommunen sitt netto driftsresultat skal vera minimum 1,5 %. I kommunedirektøren sitt forslag vil det ligge på 1,6 % i 2024 og 1,5 % i resten av planperioden.
Kommunestyret skal behandla forslaget til økonomiplan 12. desember.
Last ned heile kommunedirektøren sitt forslag til budsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027. (PDF, 2 MB)
Last ned heile kommunedirektøren sitt forslag til prisar 2024 (PDF, 898 kB)
Video: Sjå nokre av forslaga i kortversjon:
Video: Sjå presentasjon av økonomiplan 2024-2027, presentert på Bryne kino onsdag 25. oktober 2023