Her kan du lesa heile forslaget til budsjett og økonomiplan (PDF, 2 MB)
I dag vart forslag til budsjett for 2022 og økonomiplan for perioden 2022-2025 lagt fram av kommunedirektør Trygve Apeland. Heile presentasjonen kan du sjå her (ekstern lenke)
Budsjettet for 2022 er på om lag 1,5 milliardar kroner, noko som er om lag 100 millionar meir enn i 2021. Det er sett av 877 millionar til investeringar i perioden 2022 – 2025 til mellom anna idrettsanlegg, vatn og avløp og nye omsorgs-, barne- og avlastingsbustadar.
Time skal vera ein attraktiv kommune å busetta seg i og eit samfunn der det er godt å leva. Me ønsker å legga til rette for ei berekraftig samfunnsutvikling som mellom anna motverkar sosial ulikskap og fremmer god helse i befolkninga, og der næringslivet har gode rammar for å skapa nye arbeidsplassar, seier kommunedirektør Trygve Apeland.
Idrett
I kommunedirektøren sitt forslag er det mellom anna lagt inn 130 millionar til ny idrettshall med to speleflater på Bryne, 150 millionar til ny symjehall, og 12 millionar til utbetring av leikeplassar og ballbingar.
Me har lagt opp eit skikkeleg løft for idretten med både symjehall og idrettshallar. Kombinert med idretts- og turnhall i Vardheia som nyleg stod klar, vil dette bety ei betydeleg auke i speleflater for idretten i kommunen vår, seier Apeland.
Idrettshallen på Bryne skal stå klar til sommaren 2023 medan symjehallen skal ferdigstillast i løpet av 2025.
Barn og unge
Den nye oppvekstreformen (barnevernsreformen) gir kommunane større grad av friheit til korleis dei vil disponera overføringane frå staten. Kommunedirektøren foreslår at Time skal prioritera å setta inn fleire ressursar til tidleg innsats og førebygging:
Det er viktig for oss å sikra gode oppvekstvilkår for barn og unge, og at me har gode tilbod til denne aldersgruppa. Spesielt viktig er det å fanga opp dei som fell utanfor på eit tidleg tidspunkt. Me har derfor lagt inn fleire nye stillingar for å styrke arbeidet med tidleg innsats, «laget rundt læraren og eleven» og barnevernet sitt arbeid med oppfølging av familiar, seier Apeland.
I Time skal ikkje lenger barnetrygd reknast som inntekt ved utmåling av sosialhjelp, med gradvis innføring frå 2022 og full verknad frå 2023. Det fører til økt utbetaling til barnefamiliar som mottar sosialhjelp.
Omsorgstenester
Eit viktig satsingsområde i Time er å legga til rette for at eldre kan bu heime lengst mogleg. Gode heimetenester, dagsentertilbod, kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi er viktige tiltak for å nå dette målet. Samtidig vil det i perioden vera behov for fleire omsorgsplassar grunna auke i talet på eldre. Kommunedirektøren tilrår derfor ei større utviding av Kvernaland omsorgssenter.
Kommunedirektøren foreslår å auka talet på tilsette i tenesteområde Omsorg med om lag sju årsverk. Dette vil mellom anna gje fleire tilsette i institusjon, heimeteneste og miljøtenesta.
Kommunestyret skal behandla økonomiplanen 14. desember.
Her kan du lesa heile forslaget til budsjett og økonomiplan 2022-2025 (PDF, 2 MB)
Prisar 2022 (PDF, 2 MB)