Hugs å nominera kandidatar til kulturprisane våre – og søka på stipend!

Under nyttårsmarkeringa i Storstova deler me ut fleire prisar innan kultursektoren og stipend til idretts- og kulturtalent. Men kandidatane må meldast inn lenge før – og fristen nærmar seg veldig fort!

Prisvinnarar og stipendmottakarar etter nyttårsmottakinga i Storstova 1. nyttårsdag. Frå venstre Tor Ove Ellingsen med innsatsprisen 2024, som gjekk til Frelsesarmeen Bryne, Reier Carlsen og Rune Underhaug som fekk byggeskikkprisen for arbeidet med Aarresmiå, kulturstipendvinnar Johannes Hetland, idrettsstipendvinnar Mathilde Liland-Vik, heidersprisvinnar Tuva Hansen og ordførar Andreas Vollsund. - Klikk for stort bilete Elin Nærland

 

Nominasjonar og stipendsøknadar må vera innsende seinast 15. september – det er ikkje lenge til!

Prisane me skal dela ut er:

  • Heidersprisen
  • Kulturprisen Timeglaset
  • Byggeskikkprisen
  • Innsatspokalen

I tillegg deler me ut to stipend:

  • Kulturstipend
  • Idrettsstipend

Vil du nominera kandidatar, eller søka på stipenda, gjer du det her:

Kulturprisar - Hovedportal

På same sida finn du òg ein oversikt over alle tidlegare pris- og stipendvinnarar. Fristen for å nominera kandidatar er altså 15. september, og den endelege lista over dei nominerte er offentleg.