Høgt driftsresultat for Time kommune i 2021

Time kommune ligg an til eit uvanleg høgt netto driftsresultat for 2021 på heile 107 millionar kroner, noko som vil seia 6,7 % av driftsinntektene.  

På tysdag skal formannskapet i Time behandle saka om regnskapsavslutning for 2021. Den synar at kommunen ligg an til eit uvanleg høgt netto driftsresultat på heile 107 millionar kroner, eller 6,7 % av driftsinntektene. Til samanlikning hadde kommunen eit resultat på 25 millionar kroner i 2020, noko som tilsvarte 1,7 % av driftsinntektene.  

- Året 2021 har vore eit utfordrande år å driva langsiktig planlegging i grunna pandemien. For kommunen har vaksinering og handtering av konsekvensar av pandemi og smitteverntiltak, vore ein prioritet. Det same har det å levera gode tenester som barnehage, skule og eldreomsorg mest mogleg som normalt i ein unormal kvardag. Det er alltid gledeleg å kunne legge fram eit rekneskap i pluss og som er innanfor målsetninga som kommunestyret har satt, samtidig er det innsatsen til alle dei tilsette i kommunen i eit krevjande år som er mest imponerande, seiar kommunedirektør Trygve Apeland. 

Kommunestyret i Time har vedteke at kommunen skal drivast med eit netto driftsresultat på minst 1,5 % av driftsinntektene. Årets resultat er derfor godt over dette måltalet. 

- I mine 36 år som økonomisjef har eg ikkje opplevd å levera frå meg eit så høgt driftsresultat. Det skjer i eit år der tenestane me leverer til innbyggarane faktisk går med eit meirforbruk på 19 millionar kroner. Når me tross dette kjem ut med eit så godt resultat skuldast det fleire «stang inn»-effektar for kommunen som låge rentekostnader og god avkastning på finansielle investeringar. Men først og fremst skuldast det gode resultatet ein skattevekst på 22,5 %, noko som er 62 millionar over budsjett, seier økonomisjef Aud Steinsland  

Bakgrunnen for den høge skatteveksten er truleg ein betre utvikling i arbeidsmarknaden enn forventa, samt tilpassingar til eit høgare nivå på skatt på utbytte frå 2022. I tillegg vart kommunane i 2021 tildelt ein større del av skattepengane mellom anna for å ta høgde for antatt dårlegare økonomiske tider og høgare arbeidsløyse under koronapandemien. For 2022 har Stortinget betydeleg nedjustert den delen av skatten som går til kommunane. Kommunen sine skatteinntekter i 2022 er dermed forventa å bli lågare enn kva som kom inn i 2021.  

- Dette er pengar me får éin gong og ikkje ein varig auke i inntekter. Me kan derfor ikkje forventa det same for 2022, avsluttar Steinsland.   

Ein del av driftsresultatet vert nytta til eigenfinansiering av pågåande investeringar og noko er øyremerka statlege midlar som må settast av til konkrete formål i seinare år. Kommunedirektøren tilrår at det ubudsjetterte og fritt disponible driftsresultatet på 75 millionar kronar, i hovudsak vert sett av på disposisjonsfond og brukt til eksempelvis uventa utgifter eller eigenfinansiering av framtidige investeringar.  

Time formannskap behandlar saka om rekneskapsavslutning i møte tysdag 8. februar som startar klokka 09.00 og kan sjåast direkte på kommunen si heimeside.