Heimevernet øver i Gjesdal og Time - Hovedportal

Heimevernet øver i Gjesdal og Time

Har du tenkt deg ut og gå tur 8 i Ti turar i Time i neste veke? Då kan det vera greitt å veta kva Heimevernet har tenkt å halda på med i området 21.-23. april.

Heimevernssoldat som ligg på bakken og skyt med gevær i eit skytefelt - Klikk for stort bilete

 

Heimevernet gjennomfører frå 9. til 27. april si største militærøving for året, “Jøssing”. Forsvaret har rekvirert delar av Agder og Rogaland som øvingsområdet, og alle dei 23 HV-områda i distriktet vil trena i løpet av perioden. Øvinga finn stad i Agder frå 9. til 17. april, og i Rogaland frå 13. til 27. april. Treninga er koordinert med politiet, og soldatane vil vera lett kjennelege i norsk uniform.

Frå 21. til 23. april bruker Heimevernet Sikvaland-Jolifjell skyte- og øvingsfelt, som òg vert kalla berre “Jolifjell”. Dette skytefeltet ligg i all hovudsak i Gjesdal kommune, men dekker òg eit bitte lite areal heilt nord i Time. Skyte- og øvingsfeltet vil i denne perioden vera stengt for allmenn ferdsle.

På kartet under er området som skytefeltet dekker i Time kommune merka med gråbrun farge:

Kart over dei delane av Sikvaland-Jolifjell skyte- og øvingsfelt som er i Time kommune - Klikk for stort bilete

 

Det populære turmålet Lauvlia ligg rett til venstre for Røyrvatnet, og toppen på 398,5 meter som er merka nedst i bildet er Skårlandskula.

Tur 8 i årets Ti turar i Time går til Skårlandskula og Lauvlia. Følger du stien me har lagt opp kjem du ikkje inn i desse områda ettersom turen kjem mot Skårlandskula sørfrå og går vestover mot sørenden av Røyrvatnet etterpå, før han svinger innom Lauvlia og så går tilbake sørover mot utgangspunktet. Det er likevel fint å vera klar over kva som skjer i området viss du går tur i løpet av dagane øvinga pågår.