Geiter på jobb for kommunen på Lyefjell

geiter på beite - Klikk for stort bilete

10 geiter og ein bukk bidreg til brannforebygging på toppen av Lyefjell i september og oktober.

Geitene bidreg ved å beita vegetasjonen i utmarksbeitet mellom Lyevegen og Skarsfjell. Tiltaket vert gjort for å førebyggja brann i området. 

Geitene er av rasen "boergeit", som opprinneleg kjem frå Sør-Afrika. Dei er svært gode beiteryddere som føretrekker kratt og lauv framfor gras.

Dei er både vennlege og nysgjerrige, men for at beiteperioden skal verta vellykka, er det er viktig at turgåarar ikkje matar dyra.

Det er også viktig at hundeeigarar respekterer bandtvangen.

Geitene vert sett ut måndag 4. september og skal beita i 50 dagar. For at geitene skal halde seg innanfor området, vert det brukt Nofence-teknologi. 

Nofence består av ein solcelledreven klave med GPS og digitalt kart. Viss geitene går over grensa til det inngjerda området, vil klaven gi eit lydsignal som varslar geitene før straumstøtet. Geitene lærer fort kva signalet i klaven betyr, og snur dermed tilbake i oppteikna sone for å unngå støt.

kart over område kor geitene skal beita - Klikk for stort bileteKartet viser området geitene skal beita i.