ⓘ Aktuell informasjon

Forlenger sesongen for Ti turar i Time og Stolpejakten

Skulle du gjerne ha gått ein tur eller to til, eller teke nokre stolpar som du liksom aldri heilt fekk tid til å ta i år? Godt nytt: Me forlenger sesongen med tre veker, til 22. november!

Stolpejakt-stolpe og QR-kode for Ti turar i Time på skiltet som står på toppen av Karten - Klikk for stort bilete

 

Andre stadar i landet er det fort for seint å gå fotturar i november, men her me bur er det jo sjeldan at snøen legg seg så tidleg. Det er éin grunn til at me forlenger sesongen i år – men vel så viktig: Me veit at mange turgåarar kvier seg for å gå gjennom områder der kyr er på beite. Nå er risikoen for å møta dei stort sett godlynte, men ganske digre firbeinte mjølkeprodusentane vesentleg mindre!

Til og med midnatt sundag 22. november har du nå på å gjera deg ferdig med dei kommunale turane for i år. Fram til då vil alle som går tur kunna henta seg premie i Innbyggarservice på rådhuset (me har mykje fint å by på!), alle som fullfører alle ti turane vil vera med i trekkinga av gåvekort, og alle dei tre Stolpejakt-karta våre vil vera aktive.

God tur i jærsk natur!

PS: Hugs at synk temperaturane, så vert det glatt. Og det kan vera farleg, særleg på turane som går i høgda.

Oversikta over turane finn du her:

Ti turar i Time 2026