Fordeling av driftstilskot til frivillige lag og organisasjonar

Ni lag og organisasjonar søkte om driftstilskot for 2023. Alle får tildelt midlar. 

Time kommune budsjetterte for 2023 med kroner 255 000 i tilskot til frivillige lag og organisasjonar som driv førebyggande arbeid innan helse- velferds- og samfunnsnyttige tenester . I tillegg til lag og organisasjonar kan også enkeltpersonar søka om driftstilskot. 

Søknadsfristen var 5. januar 2023, og ni søknadar kom inn. Desse er nå behandla og det er vedtatt at følgande lag og organisasjonar får tilskot: 

Bryne Frelsesarmeen: 75 000 NOK

Blåkors Bryne, ferieklubb: 40 000 NOK

Blå kors kompasset: 30 000 NOK

Blå kors Bryne, Pop up butikk: 30 000 NOK

NKS Veiledningssenterfor pårørende Vest-Norge: 30 000 NOK

Frøyland og Orstad sokn: 20 000 NOK

Pensjonisten Kvernaland: 10 000 NOK

Mental Helse Klepp/Time: 10 000 NOK

Fra offer til kriger: 10 000 NOK

Saka vartbehandla i Senior- og Brukarrådet 30. januar, i Ungdomsrådet 31. januar, og i Utval for levekår 1. februar. Kommunedirektøren sitt forslag til fordeling vart enstemmig vedtatt. Sakspapira finn du her.