Jær:Bu, representert ved Kjetil André Haver, får Byutviklingsprisen 2026 av Time-ordførar Andreas Vollsund under Bykonferansen på Bryne kino 29. oktober.
Are M. Heiseldal
Bryne fekk bystatus i 2001, og sidan 2003 har Time kommune i samarbeid med Bryne Næringsforening og Brynes Vel årleg delt ut ein eigen byutviklingspris. Prisen er ei «påskjønning til enkeltpersonar eller firma som på ein spesiell måte har markert seg positivt i utviklinga av Bryne».
Juryen har i år bestått av:
- Kenneth Lia, dagleg leiar i Bryne Næringsforening
- Olav Hetland, styreleiar i Brynes Vel
- Odd Ivar Nese, verksemdleiar i Time kommune
Juryen si grunngjeving
Byutviklingsprisen 2026 går til eit prosjekt som på ein framifrå måte bidreg til å styrka Bryne sentrum som ein levande og attraktiv stad å bu og opphalda seg.
Prosjektet viser korleis moderne bustad- og næringsutvikling kan kombinerast med omsyn til byliv og arkitektur. Det tilfører nye bustader midt i sentrum og legg til rette for at fleire kan bu nær handel, tenester, kulturtilbod og kollektivtransport. Slik støttar utbygginga opp under målet om ei meir kompakt og berekraftig byutvikling.
Samtidig var prosjektet ein viktig føresetnad for oppgraderinga av Storgata til gågate. Utbygginga bidrog til å utløysa investeringar i det offentlege byrommet og har vore med på å gje Storgata eit nytt løft som sentral og attraktiv møteplass i Bryne sentrum.
Gjennom si utforming tek prosjektet aktiv del i byrommet og bidreg til å vidareutvikla Storgata som eit viktig bymessig område på Bryne. Det byr på kvalitetar som styrker både gatebildet og sentrumsutviklinga, samtidig som det skaper nye moglegheiter og liv i sentrum.
Juryen legg særleg vekt på den framtidsretta satsinga som kombinerer fortetting med kvalitet, og meiner prosjektet bidreg til å gjera Bryne til ein meir attraktiv stad å bu, arbeida og leva. Derfor er Jær:Bu ein verdig mottakar av Byutviklingsprisen Bryne 2026.
Tidlegare vinnarar:
2025 – Hotell Jæren
2024 – Smieparken AS
2023 – Kulturbanken
2022 – Harald Gudmestad
2021 – Magnus Rommetveit
2020 – Ikkje delt ut
2019 – Brix
2018 – Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling
2017 – Mellombels Ølstove
2016 – Brynes Vel
2015 – Arnfinn Vigrestad
2014 – Bryne kro og hotell
2013 – Ikkje delt ut
2012 – Kjøkkenet
2011 – Torjå AS ved Hans Ree
2010 – Ståle G. Haaland
2009 – Lauritz Bellesen
2008 – Alf I. Haaland
2007 – Jærdagen
2006 – Ikkje delt ut
2005 – Forum Jæren
2004 – Gunn A. Nedrebø
2003 – Reier Carlsen
