Byutviklingsprisen 2022 til Harald Gudmestad

Harald Gudmestad mottek byutviklingsprisen frå ordførar Andreas Vollsund - Klikk for stort bileteHarald Gudmestad fekk prisen under Bykonferansen 2022

Harald Gudmestad er tildelt byutviklingsprisen 2022. Prisen vart delt ut under Bykonferansen i Bryne kino. 

Bryne fekk bystatus i 2001, og sidan 2003 har Time kommune i samarbeid med Bryne Næringsforening og Brynes Vel årleg delt ut ein eigen byutviklingspris. Prisen er ei «påskjønning til enkeltpersonar eller firma som på ein spesiell måte har markert seg positivt i utviklinga av Bryne».

Juryen har i år bestått av Kenneth Lia, dagleg leiar Bryne Næringsforening, Olav Hetland, styreleiar Brynes Vel og Trond Lie, kultursjef Time kommune.

Juryen si grunngjeving:

"Årets prisvinnar har i minst eit par tiår bidratt til byutviklinga på Bryne med mottoet næring, læring og kultur.

Han var ein pådrivar for og viktig i etableringa av kjøpesenteret M44 vest i byen, og han var ein av arkitektane bak transformasjonen av gamle næringsområde i Hetlandsgata i aust til eit moderne campusliknande område med kontorbygg, kulturbygg og skulebygg.

Prisvinnaren var også ein viktig bidragsytar til etableringa av næringsområdet på Håland, inkludert å få på plass vegløysinga, Brøytvegen, gjennom området frå aust til vest.

Det er som eigedomsutviklar av næringsområde dei fleste kjenner årets prisvinnar. I tillegg er han også svært interessert i og har investert i kunst. Også dette har kome byen til gode. Både ved hans engasjement i samband med etableringa av Fritz Røed skulpturpark og i form av Kjell Nupen sine glasmåleri i fasaden på Høghuset.

Årets prisvinnar har eit stort nettverk innanfor så vel næring som kunst og kultur, samt politikk. Han er kjent for å uttrykka seg i store bokstavar, med utestemme, og går ikkje alltid stille i dørene. Det er såleis mange som har meiningar om årets prisvinnar. Det som går att som det viktigaste, er at han får til mykje, at han set avtrykk i utviklinga av Bryne-byen, samt at han er raus; at han tenker samfunnsutvikling, ikkje bare utvikling av eiga bedrift.

Byutviklingsprisen 2022 går til Harald Gudmestad."

Tidlegare vinnarar:

2021 – Magnus Rommetveit
2020 – Ikkje delt ut
2019 – Brix
2018 – Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling
2017 – Mellombels Ølstove
2016 – Brynes Vel
2015 – Arnfinn Vigrestad
2014 – Bryne kro og hotell
2013 – Ikkje delt ut
2012 – Kjøkkenet
2011 – Hans Ree
2010 – Ståle G. Haaland
2009 – Lauritz Bellesen
2008 – Alf I. Haaland
2007 – Jærdagen
2006 – Ikkje delt ut
2005 – Terje Hamre