Byutviklingsprisen 2021 til Magnus Rommetveit

Magnus Rommetveit fekk i dag Byutviklingsprisen for sitt bidrag til utelivet og kulturlivet på Bryne frå 70-talet og fram til i dag.

Prisen vart delt ut under Bykonferansen på Bryne kino i dag.

Juryen si grunngjeving:

Årets prisvinnar var den første som opna gatekjøkken på Bryne midt på 70-talet. Nokre år seinare opna han kafé på Bryne torg. Der blei han verande til han utpå 80-talet opna «mad- og vinstove» i dei tidlegare lokala til Bryne vaskeri, også det ved torget.

Frå slutten av 80-talet blei lokala gjort om til ein pub i engelsk stil. Puben blei snart ein møtestad ikkje bare for folk på Bryne, men for heile Jæren, og eit kulturhus med visekveldar, revyar, opplesingar, konsertar og mykje meir. Jæren Musikkfestival, som etter kvart blei til Jærnåttå, sprang også ut av musikkmiljøet på «Stasjonen».

Då prisvinnaren i 2018 gav stafettpinnen vidare til yngre krefter, var Bryne blitt by og «Stasjonen» ein del av eit myldrande kultur- og uteliv på og rundt torget.

Når me i år feirar at det er 100 år sidan tettstaden fekk namnet Bryne, og 20 år sidan tettstaden blei til by, er det ei glede å tildela Byutviklingsprisen til ein utelivsveteran og kulturbyggar som meir enn dei fleste har bidratt til det utelivet me i dag opplever i Brynebyen.

Byutviklingsprisen 2021 går til Magnus Rommetveit.

Bryne fekk bystatus i 2001, og sidan 2003 har Time kommune i samarbeid med Bryne Næringsforening og Brynes Vel årleg delt ut ein eigen byutviklingspris. Prisen er ei «påskjønning til enkeltpersonar eller firma som på ein spesiell måte har markert seg positivt i utviklinga av Bryne».

Juryen består av Kenneth Lia, dagleg leiar Bryne Næringsforening, Olav Hetland, styreleiar Brynes Vel og Trond Lie, kultursjef Time kommune. Ordføraren stod for utdelinga av prisen som består av eit kunstverk og ein diplom.

Tidlegare mottakarar av Byutviklingsprisen

2020 - Ikkje delt ut
2019 – Brix
2018 - Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling
2017 - Mellombels Ølstove
2016 - Brynes Vel
2015 - Arnfinn Vigrestad
2014 - Bryne kro og hotell
2013 - Ikkje delt ut
2012 – Kjøkkenet
2011 - Hans Ree
2010 - Ståle G. Haaland
2009 - Lauritz Bellesen
2008 - Alf I. Haaland
2007 – Jærdagen
2006 - Ikkje delt ut
2005 - Terje Hamre
2004 - Gunn Nedrebø
2003 - Reier Carlsen