
Time kommune og KS meiner at lagmannsretten sin dom er feil og urimeleg, mellom anna fordi han kan gi utilsikta ekstra fridagar utover den lovbestemte ekstraferieveka. Dommen har òg betydning for tilsette under 60 år:
– Dersom dommen frå lagmannsretten blir ståande, kan arbeidstakarar under 60 år – inkludert småbarnsforeldre – bli pålagde å arbeida på helge- og høgtidsdagar som dei lenge i forkant har fått innvilga fri og planlagt å avvikla, seier kommunedirektør Trygve Apeland i Time kommune.
Arbeidslivsdirektør i KS, Tor Arne Gangsø, presiserer at KS ikkje har til hensikt å endra på retten arbeidstakarar over 60 år har til å ta ut ei ekstra veke fri som dei sjølve kan fastsetja med 14 dagars varsel.
– Dette er ei sak som er prinsipielt viktig for kommunesektoren. Usemja handlar om kor vidt turnusarbeidarar over 60 år kan leggja ferien i tilknyting til helge- og høgtidsdagar og dermed få fri også på desse dagane, seier Gangsø.
Sidan både Time kommune og KS er usamde i lagmannsretten si avgjerd, er det avgjort å anka dommen til Høgsterett. Anken blir sendt innan fristen 5. mars.
– Sykepleierforbundet og KS har ulike syn på uttak av den ekstra ferieveka. I tillegg har det oppstått fleire uavklarte spørsmål i samband med lagmannsretten si behandling. Det er derfor heilt naturleg å søkja ei endeleg avklaring i rettssystemet, seier arbeidslivsdirektør Gangsø.
KS meiner saka er prinsipielt viktig og vil derfor stilla med prosessfullmektig for Time kommune og som partshjelp, på same måte som i lagmannsretten.
– For Time kommune sin del var det òg eit avgjerande premiss at KS har teke på seg både arbeidet og kostnadene ved ei anke, seier kommunedirektør Trygve Apeland.