Flyktningar – busetting og integrering

Du som vert busett i Time kommune må ha opphaldsløyve i Noreg.

Busetting skjer etter avtale mellom Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og Time kommune.

Når kommunen har fått namnet ditt frå IMDi, kontaktar me deg om tidspunkt for busetting. Viss du ikkje har funne godkjent bustad sjølv, vil du få tildelt ein kommunal bustad.

I startfasen vil du få praktisk bistand frå tilsette i kommunen når det gjeld spørsmål knytt til bustad, familie, økonomi, helse, utdanning, arbeid, fritidsaktivitetar med meir. Du får ein fast kontaktperson som følgjer deg opp etter behov.

Introduksjonsprogrammet

Nybusette flyktningar i alderen 18 til 55 år kan ha rett og plikt til å delta i eit introduksjonsprogram. Lengda på programmet varierer ut frå tidlegare skulebakgrunn. Du får opplæring i norsk og samfunnskunnskap, og vil kunne delta i introduksjons- eller arbeidspraksis, opplæring i livsmeistring og foreldrerettleiing. Målet er at du snarast råd kvalifiserer deg til vidare utdanning og deltaking i yrkes- og samfunnslivet.

Du har rett og plikt til å delta i programmet viss du er

  • flyktning med politisk asyl
  • overføringsflyktning med innreiseløyve
  • person med opphald på humanitært grunnlag
  • person med behov for kollektivt vern
  • familiesameint med person nemnt ovanfor

Som deltakar i programmet får du:

  • oppfølging av ein programrådgjevar
  • kartlagt bakgrunn, kompetanse og ønske for framtida
  • integreringsplan som tek omsyn til opplæringsbehov og sluttmål 
  • heilårleg fulltidsprogram med 37 ½ timar per veke og fem vekers ferie kvart år
  • introduksjonslønn knytt til deltaking. Stønaden er på årsbasis lik to gonger grunnbeløpet i folketrygda. Ugyldig fråvære fører til trekk i stønaden.
  • kursbevis/attest

 

Flyktningsituasjonen

Krigen i Ukraina har ført mange menneske på flukt, og Time tok derfor i mot 135 fleire flyktningar i 2022 enn opphaveleg planlagt. For 2023: 170 flyktningar.
Time kommunestyre har vedtatt å busetta 130 flyktningar i 2024.

På denne sida finn du informasjon om flyktningsituasjonen og korleis du kan bidra, og generell informasjon om beredskapen i Time. 

Kontaktinfo

Flyktningtenesta
E-post
Telefon 51 77 62 70

Telefontid frå 9-15

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00