Nytt om renovasjon i 2026

 

Den nye tømmekalenderen for 2026 finn du her: Tømmekalender 2026 (PDF, 2 MB)

 

Innføring av dynamiske tømmeruter:
Frå 1. januar 2026 går me over frå faste til dynamiske tømmeruter i Time kommune. For deg som innbyggar betyr det at du ikke lenger vil ha ein fast tømmedag for dei forskjellige typane avfall, men tømmedagen vil forskyvast kvar gong det kjem ein heilag- eller høgtidsdag på ein vekedag. Endringa skjer på grunn av utfordringar dagens ordning gjev oss med gjeldande lovverk for arbeidstid og overtid. Du kan lesa meir om det her: Innføring av dynamiske tømmeruter frå 2026

 

Ny dunk for glas- og metallemballasje:
I løpet av våren 2026 vil alle husstandar i kommunen få sin eigen 140-liters dunk for glas- og metallemballasje. Henteordninga startar opp etter påske. Dunken får turkis lokk med bilete av ei glasflaske på, og tømmedatoane finn du i tømmekalenderen for 2026. Det er per i dag ikkje mogleg å velja vekk denne løysinga. Du kan lesa meir om det her: Glas- og metallemballasje

Dagens konteinerar for glas- og metallemballasje som står på sentrale stadar i kommunen vil verta samla inn etter påske. Fram til påske finn du dei her: Oversikt over returpunkt for avfall i Time kommune

 

Posar for matavfall:
Me minner framleis om at posar for matavfall KUN skal nyttast til matavfall. Om desse posane vert nytta til restavfall vil ikkje restavfallsdunken bli tømt.

Renovasjon