Seksjonering

Seksjonering vil seia å dela opp ein bygning i fleire eigarseksjonar (bustad- eller næringsseksjonar), slik at fleire kan eiga kvar sin del av bygningen.

Dette får du
  • Du får delt opp bygningen i fleire eigarseksjonar, og fordelt eventuelt uteareal til ein eller fleire seksjonar.
  • Du får dokumentasjon med plassering av eigarseksjonar og fordeling av sameigebrøk.
  • Du får eit matrikkelbrev.
  • Ved fordeling av uteareal, får du eksklusiv bruksrett til utearealet på din del av eigedommen.
  • Koordinatbestemte bruksrettsgrenser.
  • Offentlege grensemerke, om dette er mogleg og ønskeleg.

 

Prisar

Priseksempel, 2021:

Nybygg
1 - 4 seksjonar: kr. 11 400,-
5 - 10 seksjonar: kr. 14 000,-
Frå 11 seksjonar: kr. 14 000,- + tillegg per ny seksjon kr. 400,-

Eksisterande bygg
1 - 4 seksjonar: kr. 14 000,-
5 - 10 seksjonar: kr. 16 500,-
Frå 11 seksjonar: kr. 16 500,- + tillegg per ny seksjon kr. 400,-

Reseksjonering
1 - 4 seksjonar: kr. 16 500,-
5 - 10 seksjonar: kr. 19 100,-
Frå 11 seksjonar: kr. 19 100,- + tillegg per ny seksjon kr. 400,-

Synfaring
Synfaring av eigedom: kr. 2 400,-

Gebyr for tilleggsareal per eigarseksjon:

  • areal frå 0 til 50 m²: kr. 11 800,-
  • areal frå 51 til 250 m²: kr. 14 400,-
  • areal frå 251 til 2000 m²: kr. 17 800,-
  • areal frå 2001 m²: 17.800 + kr. 1 300,- per påbegynte dekar
Slik søker du

Søknadsskjema og rettleiing finn du på Regjeringen.no.


 

Kontaktinfo

Sikker digital innsending til oss

Logg inn med IDporten, og send direkte til oss.

Innbyggarservice
Telefon 51 77 60 00