Adressering


Offisiell adresse blir gitt til eigedommar som blir brukt til:

  • bustadføremål
  • friluftsføremål
  • næringsverksemd
  • offentleg verksemd
  • anna verksemd som tener eit større publikum (idrettsanlegg o.l.)


Kommunen adresserer/endrar adresse når det er nødvendig, for eksempel:

  • når tilkomstvegane vert endra
  • ved frådeling av nye tomter og/eller oppføring av nye bygg
  • når det er vanskeleg å finna fram til ei adresse


Klage
Ved klage over tildeling/endring av offisiell adresse etter matrikkellova, er klageretten avgrensa til:

  • kva for gate, veg eller liknande ein bygning eller eigedom skal ha adresse til
  • kva for adressetilleggsnamn eller matrikkeladresse som er tildelt adressa
  • adressenummer eller brukseiningsnummer

Det er ikkje mogleg å klage på skrivemåten for namn på gate, veg, gangveg, område eller liknande. Dette gjeld òg adressetilleggsnavn og matrikkeladresse. Vedtak om dette skjer i medhald av stadnamnlova.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00