Nabovarsel

Byggesak - Nabovarsel

Kven er nabo og kven er gjenbuar?

Eigedommane som grensar til din eigedom, er naboeigedommar. Gjenbuarar er andre eigedommar som vil verta berørte/påverka av tiltaket ditt. Dette kan for eksempel vera eigedommar som ligg på andre sida av eit ope areal, som ein veg eller eit friområde.

Slik bestiller du naboliste

Naboliste kan du bestilla i kartportalen for uthenting av situasjonskart. Bestillingsskjema dukkar opp når du har søkt deg fram til, eller markert, aktuell eigedom. Velg då "Bestill kart" og deretter "Bestill naboliste".

Du kan òg bestilla naboliste frå Ambita Infoland.

Nabovarslingsskjema

På heimesida til direktoratet for byggkvalitet finn du skjema for nabovarsling: blankett 5154, 5155 og 5156.

Blankett 5154: Nabovarsel, skal kun sendast til naboar og gjenbuarar.
Blankett 5155: Opplysningar gitt i nabovarsel, skal sendast inn til kommunen.
Blankett 5156: Kvittering for nabovarsel, skal sendast inn til kommunen.

Slik varslar du

Du kan senda nabovarsel på e-post, levera det personleg eller senda det som rekommandert post. Om du varslar på e-post må mottakaren senda ei meldig som bekreftar at han har fått varselet. Nabovarselet skal gi ei dekkande beskriving av tiltaket ditt, og må innehalde følgande:

  • skjema knytt til byggesøknaden
  • situasjonskart
  • plan- snitt- og fasadeteikningar
  • grunngjeving for eventuelle dispensasjonssøknadar
  • eventuelt ei utgreiing som beskriv byggetiltaket ditt nærare

Etter at varselet er sendt ut, skal naboane ha minst 14 dagar til å uttala seg om byggetiltaket på. Dei skal sende eventuelle merknadar til deg (eller til føretaket som søker for deg). Merknadane skal leggast med byggesøknaden, saman med ei kvittering som viser kven som har fått varsel. Du må i tillegg legga med ein kopi av nabovarselet.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00