Kva er søknadspliktig?

Det er 3 ulike typar byggesaker. Les meir om desse under kvar fane.

Byggesak - Kva er søknadspliktig?

Byggetiltak som må søkast om av eit ansvarleg føretak

Plan- og bygningslovens § 20-1 beskriv kva slags byggetiltak som må søkast om. Som hovudregel må du ha eit ansvarleg føretak som skal senda inn søknaden og vera bindeleddet mellom deg og kommunen.

  • oppføring, tilbygging, påbygging, underbygging eller plassering av bygning, konstruksjon eller anlegg
  • vesentleg endring eller vesentleg reparasjon av tiltak
  • fasadeendring
  • varig eller tidsbestemt bruksendring, vesentleg utviding eller vesentleg endring av tidlegare drift av tiltak
  • riving av tiltak
  • oppføring, endring eller reparasjon av bygningstekniske installasjonar
  • oppdeling eller samanføying av brukseiningar i bustader og annan ombygging som medfører bruksendring
  • oppføring av innhegning mot veg
  • plassering av skilt- og reklameinnretningar
  • plassering av midlertidige bygningar, konstruksjonar eller anlegg
  • vesentleg terrenginngrep
  • anlegging av veg, parkeringsplass og landingsplass
  • oppretting av ny grunneigedom, ny anleggseigedom eller nytt jordsameie, eller oppretting av ny festegrunn for bortfeste som kan gjelda i meir enn 10 år, eller arealoverføring, jamfør matrikkellova

For detaljar, sjå plan- og bygningslovens § 20-1 og § 20-3

Byggetiltak kor du kan senda inn søknad sjølv

Følgande tiltak kan du søka om sjølv:

  • mindre tiltak på bebygd eigedom
  • alminnelege driftsbygningar i landbruket
  • midlertidige bygningar, konstruksjonar eller anlegg
  • oppretting av grunneigedom
  • andre mindre tiltak som etter kommunens skjønn kan gjerast av tiltakshavar

For detaljar, sjå plan- og bygningslovens § 20-4.

Byggetiltak som ikkje treng å søkast om

Desse tiltaka er etter plan- og bygningslovens § 20-5 untatt frå søknadsplikt, så lenge dei er i tråd med gjeldande reguleringsplanar, lovar og forskrifter:

  • mindre frittliggande bygning som skal førast opp på bebygd eigedom, og som ikkje skal nyttas til varig opphald
  • frittliggande bygning som er større enn bygningar som nevnt i forrige punkt, som skal settast opp på bebygd eigedom, og som ikkje skal nyttast til varig opphald og som ikkje skal ha kjellar
  • mindre frittliggande byggverk knytta til drift av jordbruks-, skogbruks- og reindriftsområde
  • mindre tiltak i eksisterande byggverk
  • mindre tiltak utandørs
  • fasadeendring som ikkje medfører at bygningens karakter vert endra, og tilbakeføring av fasade til tidligare dokumentert utføring
  • andre mindre tiltak som kommunen finn grunn til å frita frå søknadsplikta

For detaljar, sjå plan- og bygningslovens § 20-5. Er du usikker på om tiltaket ditt er søknadspliktig, ta kontakt med kommunen. Du kan lesa meir om tiltak som ikkje treng å søkast om på direktoratet for byggkvalitet.

Sjølv om du ikkje treng å søke om tiltaket ditt, må du gi kommunen beskjed når tiltaket er ferdig. Dette er fordi kommunen skal oppdatera karta sine.

Hugs at tiltaket ditt kan vera i strid med andre regelverk, slik som veglova, tilfeller kor avkjøring til kommunal veg vert endra eller ved byggegrenser til kommunale vatn- og avløpsledningar, og anna.

 

 


 

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00