Klage på vedtak

  • Fristen for å klaga er 3 veker frå brevdato på vedtaket
  • Klagen må vera skriftleg og begrunna
  • Klagen må vera postlagt før 3-vekersfristen går ut

Dersom ikkje kommunen endrar vedtaket ved ei klagebehandling, vert klagen sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd. Klagar vert behandla etter forvaltningsloven.

Her kan du senda klagen
Du kan senda klagen til post@time.kommune.no. Husk å merka sendinga med saksnummer eller adressa som klagen gjeld for. Klagen kan du òg senda i posten eller levera på Servicetorget.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00