Kommunale vedtekter

Kommunale vedtekter

Flaggreglement

 

Flaggreglement for Time kommune

Vedtatt av Time kommunestyre 5. mai 2020

 

§ 1 Lov og reglement

Dette reglementet bygger på Lov av 10. desember Nr. 1 1898 om Noregs Flagg, Lov av 29. juni Nr. 2 1933 om flagging på kommunen sine offentlege bygningar og Forskrift vedrørande bruk av statsflagget og handelsflagget (flaggforskrifta).

 

§ 2 Statsflagget

Flagging i følge dette reglementet gjeld bruk av statsflagget (utan splitt og tunge) på eller ved kommunen sine offentlege bygningar og eigedommar, eller bygningar og eigedommar som i hovudsak vert brukte av kommunale institusjonar og verksemder.

 

§ 3 Andre flagg og vimplar

Det er tillatt å bruka det samiske flagget og framande land sine flagg ved sida av det norske statsflagget ved tilfelle kor det er naturleg som ærevising. Bruk av desse flagga skal skje i tråd med dette reglementet.

 

Andre flaggtypar

Det kan flaggast med:

Kommuneflagget ved kommunestyremøte

Regnbogeflagget

 

§ 4 Flaggdagar

Det skal flaggast på offisielle festdagar og offisielle flaggdagar, jf. § 4 i flaggforskrifta.

Det skal flaggast på flaggstanga ved rådhuset og vallokala ved kommunestyre- og fylkestingval.

I tillegg skal det flaggast på flaggstanga ved rådhuset:

Med statsflagget på FN-dagen 24. oktober

Med regnbogeflagget ved «på skeivå» arrangement i kommunen. Ansvar ligg til arrangør etter avtale med Innbyggarservice og kommunikasjon.

Med statsflagget på kvinnedagen 8. mars.

 

Andre flaggdagar

Det kan flaggast med statsflagget ved andre høgtidelege og festlege anledningar og markeringar innan nasjonen, kongehuset eller kommunen.

 

Det skal flaggast også ved anledningar der Kongen, Regjeringa eller Fylkesmannen ber om det.

 

Flagging skjer elles ved offisielle besøk frå medlemmar av Kongehuset, utanlandske statsoverhovud med fleire.

 

 

For flagging ut over offisielle flaggdagar, er hovudregelen at det berre skal flaggast ved rådhuset.

 

§ 5 Heising

Flagget vert heist på stang på taket, frå sida av bygningen eller på frittståande stang. Heising skjer uoppfordra og utan spesiell tilkalling på dei offisielle flaggdagane som nemnde i § 4. Ved andre anledningar skjer det etter nærare avtale med rådmannen, jf. eigen rutine.

 

§ 6 Tidspunkt for flagging

Flagga vert i månadane frå mars til og med oktober heiste frå kl. 08.00, resten av året frå kl. 09.00. Flagga skal takast ned ved solnedgang, men ikkje seinare enn kl. 21.00.

Kommuneflagget kan brukast ved kommunen sine bygningar og offentlege plassar utan dei tidsavgrensingar som er nemnde her.

 

**********

 

Flagging ved kommunen sine offisielle bygg

Rutinar etter kommunen sitt flaggreglement § 5

Kommunen sine offisielle bygg

Rådhuset

Sivdamsenteret/Sivdamheimen

Bryneheimen

Bryne skule

Bryne ungdomsskule

Vardheia ungdomsskule

Rosseland skule

Hognestad skule

Kvernaland omsorgssenter

Frøyland skule

Frøyland ungdomsskule

Lye skule

Lye ungdomsskule

Undheim skule

Andre kommunale flaggstenger

Kommunen har i tillegg andre flaggstenger som ikkje vert vurderte som offisielle flaggstenger. Dette er flaggstenger som kan brukast ved ulike arrangement. I tillegg til mobile flaggstenger finn ein slike mellom anna ved Storstova. All bruk av desse flaggstengene skal godkjennast av rådmannen.

 

På offisielle flaggdagar

Det skal alltid flaggast ved offisielle bygg. Ved kommunestyre- og fylkestingsval skal det flaggast på flaggstanga ved rådhuset og ved vallokala.

 

Andre flaggdagar

Ved høgtidelege og festlege anledningar i kommunen sin regi.

Det kan flaggast om arrangøren ønsker det etter avklaring og godkjenning av rådmannen.

Ved offisielle besøk frå medlemmar av kongehus og utanlandske statsoverhovud. Ved rådhuset, kommunen sine bygningar langs ruta besøket ferdast og andre stader som rådmannen avgjer.

 

Ved andre anledningar.

Det skal flaggast ved rådhuset ved dei anledningane Kongen, Regjeringa eller Fylkesmannen ber om det. Rådmannen avgjer om flagging skal skje ved andre av kommunen sine offisielle bygningar.