Beregning av lønnsansiennitet

Ansiennitet ved tilsetting 

Generelle føresegner og dokumentasjonskrav

Time kommune legg til grunn det som følgjer av KS hovudtariffavtale (HTA) kap. 1 § 12 og KS Personalhåndbok når det gjeld utrekning av lønnsansiennitet.

Lønnsansiennitet er eit uttrykk for kor mykje av tidlegare praksis som skal medreknast når lønna skal fastsettast. Det er berre nødvendig å fastsetta lønnsansiennitet for arbeidstakarar som er i stillingar lønte etter reglane i HTA kap. 4.

Lønnsansiennitet skal fastsettast ved tilsetting, og dette gjeld òg ny stilling hos kommunen, for eksempel dersom ein vikar søker kunngjord ny stilling. Omgjering av stilling er ikkje ny tilsetting. Ved omgjering av stilling som følgje av utdanning og/eller endra arbeidsoppgåver, beheld vedkomande tidlegare fastsett lønnsansiennitet. Det same gjeld ved utviding av same stilling.

Ansiennitetsdato vert fastsett til den 1. aktuelle månaden med bakgrunn i det talet på år og månader som vert godskrivne i lønnsansienniteten.

Alle tilsettingsforhold skal dokumenterast

Dokumentasjonen frå tidlegare arbeidsgivarar eller oppdragsgivarar skal innehalda:

  • Start og sluttdato
  • Stillingsprosent og stillingstype
  • For ekstrahjelp/tilkallingsvikarar må timetalet vera spesifisert.

 

Oppgitte opplysningar som ikkje er dokumenterte eller er mangelfullt dokumenterte, i samsvar med kulepunkta over, vil ikkje verta tekne med i utrekninga. 

Viss andre forhold av betydning for ansiennitetsdato vert levert på eit seinare tidspunkt, vil verknadstidspunktet for ny ansiennitet verta sett når ny dokumentasjon vart innlevert.

Reglar for ansiennitetsutrekning

Lønnsansiennitet vert frå rekna tidlegast fylte 18 år og all privat og offentleg teneste vert godskriven. (Merk at denne føresegna gjeld berre for tilsette som har tiltredd stilling etter 30. april 2022.) 

Andre godskrivningsregler 

  • Omsorgsteneste (omsorg for barn eller pleie av eldre eller sjuke) vert godskriven med inntil 3 år
  • Fagarbeidarar får verdiskapingsdelen av læretida medrekna etter fylte 18 år. Verdiskapingsdelen er på eitt år.
  • Tenestetida ved verneplikt vert godskriven
  • Arbeid i heimen vert godskriven med inntil 6 år (Berre for stillingar utan særskild utdanning)

 

Arbeidsforhold utan fastsett stillingsstørrelse (timelønt arbeid/ekstrahjelp) vert godskrivne viss perioden er over 1/2 år og omfanget er i gjennomsnitt 14 timar eller meir per veke

 Praktikant og turnusteneste: Praktikantteneste etter fylte 18 år vert likestilt med ordinær teneste ved tilsetting av ordinær stilling, uavhengig av om det er offentleg eller privat praktikantteneste. Praksisperioden i forbindelse med utdanning vert rekna som ein del av utdanninga og skal ikkje reknast med. Turnusteneste for lege og fysioterapeut vert rekna som ordinær teneste som skal godskrivast/vert medrekna

Permisjonar i arbeidsforholdet: Hovudregelen er at det ikkje vert opptent lønnsansiennitet under ulønt permisjon, men med unntak av verneplikt, utdanningspermisjonar på inntil to år (viss relevant for arbeidet til vedkomande) eller når det vert utført offentlege ombod eller ombod i arbeidstakarorganisasjonar. Foreldrepermisjonar inntil to år, uavhengig av om denne er lønt eller ulønt, avbryt heller ikkje oppteninga av lønnsansiennitet.

 

Ansiennitetsregelen gjeld likt for deltidstilsette med ei på førehand bestemt arbeidstid som for tilsette i heil stilling. Det vil seia dersom ein tilsett har hatt deltidsstilling med ein fastsett stillingsprosent får vedkommande godskriven ansiennitet lik ein som har hatt 100 % stilling i same tidsrom. Det er inga nedre grense for å berekna ansiennitet i tidlegare deltidsstilling.

Døme: Tilsett i 15 % stilling i eitt år gir eitt år med ansiennitet.

Dokumentasjon og utrekning av ansiennitet

Arbeidstakarar skal ved tilsetting fylla ut elektronisk skjema for å få fastsett lønnsansienniteten sin. 


Skjema for utrekning av ansiennitet

 

Kontaktinfo

HR e-post
E-post