Beredskap

Brannberedskap

Time kommune er knytta til Rogaland brann og redning.

Psykososialt kriseteam

Time og Klepp kommunar har etablert felles psykososialt kriseteam. Dette teamet skal sørgja for at innbyggjarane i Time og Klepp får nødvendig hjelp i krisesituasjonar. Psykososialt kriseteam kan nåast på same telefonnummer som legevakta, tlf. 116117.

Eigenberedskap

Me bur i eit trygt og stabilt samfunn der me er vant med at det meste fungerer som det skal. Me kan likevel verta ramma av naturkatastrofer eller store ulykker som skader viktige samfunnsfunksjoner som straum, mobilnett, internett, transport, vatn og avløp. Det er derfor lurt å gjera nokre enkle grep slik at du har det du treng i tre dagar om noko skulle skje.

Hausten 2018 har Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap hatt kampanjen "Du er en del av Norges beredskap". Målsettinga med kampanjen har vore å betra folk sin eigenberedskap. Kampanjen fokuserer på kva enkeltpersonar bør ha tenkt gjennom i tilfelle straumen blir borte i fleire dagar, mobilnettet sluttar å virke, vatnet blir stengt eller det blir vanskeleg å få tak i nødvendig varer. Det vert anbefalt at alle har eit lite beredskapslager med mellom anna mat og vatn. Fullstendig liste over kva som vert anbefalt.

Statens strålevern har og hatt ein kampanje denne hausten, og denne handlar om å ha jodtablettar heime. Eit av tiltaka som vert anbefalt er at alle under 40 år bør ha jodtablettar heime, og privatpersonar kan nå kjøpa dette reseptfritt på apotek. Les meir om jod.

Meir informasjon om sikker kvardag.

Tilfluktsrom

I Time kommune er det totalt 73 tilfluktsrom med 7827 plassar. Det er både offentlege og private tilfluktsrom og det er Sivilforsvaret som har ansvar for tilsyn av begge kategoriar. Offentlege tilfluktsrom er bygde for å kunna gi vern for allmenta, ved at dei personane  som måtte vera i nærområdet, kan søkja vern i ein beredskapssituasjon. Private tilfluktsrom er bygde og dimensjonerte for å kunna gi vern for dei personane som normalt oppheld seg på eigedommen der tilfluktsrommet er.

Det er eit offentleg tilfluktsrom i kommunen og det er plassert i Sivdamsenteret på Bryne. Det er skilta frå Arne Garborgs veg og har 290 plassar.

I tillegg har kommunen 11 private tilfluktsrom med tilsaman omlag 1606 plassar. Desse  er plassert på skular og institusjonar i Bryne og tettstadane.  Dei fleste private tilfluktsromma er det private bedrifter i kommunen som har.

I Noreg er det omlag 25 000 tilfluktsrom med plass til ca 2,5 millionar menneske. Meir informasjon om tilfluktsrom kan du få her.

Fyrverkeri

Time kommunestyre vedtok i 14. juni 2016 lokal forskrift om delvis forbod mot bruk av fyrverkeri i Time kommune. Kart med spesifikke soner med forbod mot bruk av fyrverkeri er vedlagt forskrifta.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00