Konsesjon for overtaking av fast eigedom

Skal du kjøpa fast eigedom, er kjøpet omfatta av konsesjonslova. Konsesjon betyr løyve til erverv av fast eigedom. «Erverv» er eit fellesord for alle måtar du kan overta ein eigedom på; kjøp, arv, gåve osv. Fast eigedom er for eksempel hus, gard, ubebygd tomt, eller anna areal.

Les meir om konsesjon og konsesjonsfritt erverv.

Det er kommunen som registrerer konsesjonsfrie erverv og som gjev konsesjon.

Dei fleste erverv er konsesjonsfrie. Då må du sende eigenfråsegn om konsesjonsfridom til kommunen.

For erverv som ikkje er konsesjonsfrie, må det søkjast til kommunen om konsesjon på fastlagt skjema.

 

Kommunen er konsesjonsmyndigheit

Du skal sende både eigenfråsegna om konsesjonsfridom og søknad om konsesjon til kommunen.

  1. Kjøpar sender eller leverer til Time kommune:
    1. skjemaet for eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved erverv av fast eigedom
    2. søknad om konsesjon for erverv av fast eigedom
  2.  Kjøpar får melding frå kommunen om at skjemaet/søknaden er godkjent og vedtaket er ført i matrikkelen.
  3.  Kjøparen sender så skjøtet til Kartverket for tinglysing.

Dersom kjøpar sender inn eit skjøte til Kartverket utan at kommunen har registrert den aktuelle konsesjonsinformasjonen i matrikkelen, vil skjøtet bli avvist eller nekta tinglyst.

Dersom du ønsker stadfesting sendt til ei anna adresse enn den du har oppgitt i skjema eller på e-post, må du informera om dette.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00