Aktuelt fra landbrukskontoret

Landbruk

Førebyggande tiltak mot utslepp av husdyrgjødsel

Time kommune har registrert tilfelle av forureining som skuldast at gjødselpumpa har starta av seg sjølv på grunn av  feil ved elektrisk anlegg, kortslutning og liknande.

Det seier seg sjølv at slike hendingar kan føra til alvorleg forureining, og då særleg om gjødsla når bekkar og vassdrag i nærleiken. 

For å førebygga slike alvorlege hendingar, er det mogleg å montera ein tidsbrytar slik at pumpa uansett stoppar etter ei viss tid. Snakk med elektrikaren din om dette, det kan vera eit rimelig skadeførebyggande tiltak.

Og ein skal vera obs på at forureining kan føra til større oppryddingskrav/erstatningskrav. I tillegg bør ein slå av straumtilføringa til pumpa når ho ikkje er i bruk, ved for eksempel å trekkja ut støpselet. 

Produksjonstilskot

Søknaden må leverast elektronisk, og skal sendast via Altinn. Du finn meir informasjon og søknadsfristar på nettsidene til Landbruksdirektoratet kor det og er ei lenke til rett søknadsskjema.

Som søkar er du ansvarleg for at søknaden er fullstendig utfylt og med rette opplysningar. Kommunen er pålagd å vurdera trekk i tilskotet ved feil opplysningar.  Om du er usikker på noko, kan du likevel senda søknaden, og så gjennopna seinare for evt. å gjera endringar.

Eigenerklæring:

Me minner og om at det er viktig å kryssa av rett for gjødslingsplan, plantevernmiddeljournal og driftsfellesskap. Gjødslingsplanen skal vera årleg, også i dei tilfella du driv med einsidig grasproduksjon.

Dyretelling:

Ver nøyakteg med å telja dyra. Ein bør ikkje berre bruka husdyrlistene.

For slakteproduksjon på fjørfe og svin, er det viktig at du set kryss for at opplysingar kan hentast frå slakteria sine rapportar. Elles får du ikkje grunnlag for avløysing og tilskot på slakteproduksjonen.    

«Vanlig jordbruksproduksjon»:

I 2019 var det mange varselmeldingar til kommunen om vurdering av «vanlig jordbruksproduksjon» på sau, noko som er eit vilkår for å få utbetalt tilskot. Om det er færre enn 0,91 slakta lam per søye skal ein vurdera om vilkåret for tilskot er oppfylt.  Det er derfor viktig at du tek vare på dokumentasjon om noko skulle skje i besetninga, som for eksempel sjukdom eller unormalt stort tap av dyr på beite.

For mjølkekyr og ammekyr er det krav om at kyrne det vert søkt på, skal ha kalva dei siste 15 månadane før telledato. Kyr som ikkje har kalva dei siste 15 månadane skal førast på dyregruppa «andre storfe».

Avløysartilskot:

Etter omlegging av søknadssystemet er søknadsfristen i oktober og du søker for året som er. Om du ikkje har brukt opp alt du kan få i refusjon til oktober, må du etter-registrera dette innan 10. januar året etter.

Landbruksplast og anna søppel

Det er for tida stort fokus på plast i Norge. Alle har me ansvar for å unngå forsøpling, men det skjer dessverre likevel , og det kan vera nyttig å rydda på eigedommen. Plasten er som kjent farleg for dyra, og plasten kjem gjerne på forbrettet, men ikkje minst ute på beite.

Frå Nortura sitt anlegg i Trøndelag vart det nyleg opplyst at halvparten av alt storfe som vert slakta hadde plast i magen.

Verre konsekvensar for dyra kan det få med blikkboksar og anna søppel som folk kastar frå seg ut av bil og liknande. – me vil oppfordra alle til å registrera og melda inn om du observerer slike uansvarlege hendingar.

Ugras-kampen

Det er viktig å vera klar over at mykje ugras (over 50 %) i eng og beite kan føra til avkorting i arealtilskotet. Å ha god kontroll på ugraset er viktig for avling, økonomi, nabotilhøva og eventuelt og arealtilskotet.

Pelsdyrbonde – når det røyner på

Denne brosjyren er sendt ut til alle pelsdyrbønder: 

 

Digitalt søknadssystem for søkarar av SMIL-tilskot og tilskot til drenering

Søknadar om Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), og tilskot til drenering av jordbruksjord skal frå og med 2019 sendast inn digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn.

Søkarar har tidligare brukt papirsøknad, men nå kan de logga inn i Altinn, og senda søknaden her. Det nye systemet skal sørga for rask og sikker søknads- og saksbehandling, til fordel for både søkar og saksbehandlarar i kommunen.

Søkaren kan henta opp rettleiing og forklaringar i systemet dersom det trengs. Når kommunen har behandla søknaden vert svaret og vedtaket sendt til foretaket sin innboks i Altinn – eller til Sikker Digital Post (evt. brev i posten om søkar ikkje har digital postkasse) dersom du søker om tilskot til drenering som privatperson.

Slik gjer du:

  • Gå til sida www.altinn.no på internett
  • Logg deg inn med MinID, BankID eller liknande
  • Vel landbruksforetaket ditt som Aktør, eventuelt deg sjølv som privatperson dersom du søker om tilskot til drenering som privatperson
  • Søk opp og vel skjemaet Tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) eller Tilskudd til drenering i jordbruket.
  • Legg inn informasjon om tiltaket og last opp nødvendige vedlegg (kart er eksempelvis obligatorisk).  
  • Søknaden vert sendt automatisk til kommunen som landbrukseigedommen for tiltaket ligg i.

 

Du kan gje andre rett til å fylla ut søknadsskjemaet for deg. Det vert også ordna inne på www.altinn.no. Snakk med dei først om det er aktuelt.

Meir informasjon om ordningane, bestemmingar om kven som kan få tilskot og kva tiltak som er berettiga tilskot, samt om kva vilkår som må vera oppfylte finn du på Landbruksdirektoratet sine sider:

Informasjon om SMIL

Informasjon om drenering

Her finn du også nyttige tips til utfylling av søknadskjema for SMIL, om kva opplysningar og dokument det er bra og ha tilgjengelege før du starter å fylla ut søknadskjemaet.

Video med rettleiing for søkarar ligg på fagsidene hos Landbruksdirektoratet under panelet Hvordan søke?

Dersom det er tekniske problem med søknadskjemaet kan dette meldast til support@landbruksdirektoratet.no

Oppfylging av tiltaksplanen for Håelva

Tiltaksplanen er vedteken i både Time og Hå kommune, og kommunane har forplikta seg til å bidra til gjennomføring av tiltaka som er omhandla i planen.

Dette er ein plan som tek omsyn til den positive utviklinga som skjer i landbruket med satsing på meir miljøvennlege driftsmetodar.

Målet er god økologisk tilstand i heile vassdraget, både for laksefisk, elvemusling, botndyr og det biologiske mangfaldet som elles er knytt til elva.

I prosessen med utarbeiding av planen og etter at planen er godkjent, har det vore tett samarbeid med både grunneigarar, Fylkesmannen og Fylkeskommunen. 

Me ser at det i både hovudvassdraget og sidevasstrengene har vore og er store utfordringar med opphoping av sediment og graving i kantsonene.

Om det er behov for å gjera noko i «ditt» vassdrag, må de søka kommunen om løyve før de startar opp arbeidet – søknadane vert vidaresende til Fylkesmannen og/eller Fylkeskommunen for behandling.

Det kan òg opplysast om at det  allereie er gitt støtte til restaurering. Me gjer merksam på at det kan søkast både kommunale og fylkeskommunale midlar til dette.

 

Miljøregistrering av gardsbruk ved Håelva
Bier og humler i Norge

Me har 205 artar villbier og ein art tambie, honningbia. Humle er ein type bie, og me har 35 humleartar i Norge. Ein tredel av biene er truga. 12 av dei er frykta utrydda. 66 av bieartane er på raudlista. 30 % av maten me et er direkte eller indirekte avhengig av bier.

Med færre bierartar er naturen meir sårbar om det skulle koma sjukdom eller klimaendingar som gjer at nokre bieartar døyr ut. Har me eit mangfald av artar aukar det sjansen for at det er nokre som klarer seg.

Kulturlandskap som slåtteeng, slåttemyr og kystlynghei er levestadar for mange av biene våre, men står i fare for å verta borte frå norsk natur. Gjengroing og intensivering av landbruket er hovudgrunnen til det. Mangfaldet av blomsterplanter med varierande blomstringstid sikrar bier og andre pollinerande insekt mat gjennom heile sesongen.

Informasjonsskriv fra landbrukskontoret

Landbrukskontoret sender ut informasjonsskriv to ganger årleg. Her finner du digitale utgåver av disse: 

Juni 2020 (PDF, 546 kB)

 

 

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00