Fiske i ferskvatnI Time kommune ventar om lag 50 fiskevatn på deg og fiskestanga di. Berre sjå til at du har lov å fiska før du går i gang.FiskekortDet er grunneigar som har fiskerettane i ferskvatn. Du treng derfor løyve frå grunneigar før fisket kan starta. Løyvet kan vera i form av eit fiskekort utstedt av grunneigar eller grunneigarlag. Kjøp fiskekort for innlandsfiske herKjøp fiskekort for "RV 504 fiskje" herGratis fiske for barn fram til 20. augustBarn under 16 år har rett til gratis fiskekort i perioden 1. januar til 20. august. Der det ikkje vert selt fiskekort, kan dei fiska utan å spørja grunneigar først.Unntak: I perioden fra 20. august til 31. desember må også barn under 16 år ha løyve frå grunneigar for å kunna fiska. Barn under 16 år som skal fiska i lakseførande vassdrag må ha løyve frå grunneigar/kjøpa fiskekort.Forbod mot bruk av motorbåtNyttar du båt/fartøy på vatn i kommunen kan du ikkje bruka motor, unntatt på Frøylandsvatnet nord for Tangen. Dette av omsyn til både dyreliv og naboar. Sist endra 15.04.2024 10.46