Fjerning av oljetank

Oljefyring med fossil olje er forbode frå og med 01.01.2020 (med enkelte unntak). Nedgravde oljetankar som permanent er ute av drift skal tømast, gravast opp og fjernast. I spesielle tilfeller kan likevel oljetanken sikrast på staden utan at du må grava han opp. Formålet med å fjerna/sikra oljetankane er å hindra forureining frå nedgravne oljetankar.

Sikring av oljetank i staden for å grava han opp

Det vert krevd løyve frå Time kommune viss du ønsker å sikra oljetanken i staden for å grava han opp. For å gje løyve til dette må Time kommune vurdera at fjerning av oljetanken vert ei for stor ulempe. For eksempel ved at oljetanken er plassert under bustaden eller terrassen din.

For å søka om løyve til sikring av oljetanken på staden, send ein e-post til Time kommune (post@time.kommune.no). E-posten må innhalde ei beskriving av plasseringa til tanken, samt foto av området der oljetanken er gravd ned inkludert staden der påfyllingsrøyr og lufterøyr stikk opp.

Uansett om det er fjerning eller sikring av oljetank så skal eit selskap med nødvendige kompentanse brukast til dette arbeidet.

Kommunen skal også varslast når arbeidet med fjerning eller sikring av oljetank er gjennomført, dette ordner ofte selskapet som utfører arbeidet.

For meir info sjå på Miljødirektoratet si side for nedgravde oljetankar.

 

Lovheimel:

Forskrift om forbud mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygninger

Forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) 

Forskrift om tiltak for å motvirke forurensning fra nedgravde oljetanker, Time kommune, Rogaland

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00