Kjekke aktivitetar

Noko av det fine med å bli pensjonist, er at du får høve til å halda på med andre aktivitetar enn før. Utforsk gjerne kva som gir deg meining og glede. Her gir me deg ei oversikt over kjekke aktivitetar i Time som rettar seg mot seniorar.

Den kulturelle spaserstokken

Den kulturrelle spaserstokken er eit kulturtilbod for eldre i Time. Alle arrangementene er opne for alle.

Den kulturelle spaserstokken skal gje personar over 70 år i Time kommune eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet. Arrangement i regi av Den kulturelle spaserstokken er alltid gratis og vert oftast lagt til Time frivilligsenter kafe og aktivitet, Bryneheimen og Kvernaland omsorgssenter

Time Frivilligsenter kafe og aktivitet
Ulike tilbod i Time

Time bibliotek

Nasjonalt Garborgsenter

Time Bygdekvinnelag

Strandtur - Frivilligsentral Time og Klepp

Jæren Husflidlag

Time historielag

Time Sanitetsforening

Pensjonisten Kvernaland

Time Frivilligsentral

Karadrøse er eit lavterkseltilbod på ca. 1,5 til 2 timar som vert arrangert av frivillige.  Torsdagar frå 11.30 kan ein få ein kopp med kaffe før ein byrjar med dagens tema kl. 12.00.  Dei held til i Mølla.  

Time pensjonistlag har møtedag andre onsdag i månaden kl. 15.30 på Sivdamsenteret.

Seniorkino

Bryne kino har seniorkino visning kvar torsdag. Filmane vert vist med noko dempa lyd, men elles som ordinære forestillingar.

Digital kompetanse

Kakadu

På nettsida til Kakadu finn du enkle oppskrifter for å lære om bruk av mobil, data og nettbrett, i tillegg til oppskrifter for korleis du kan laste ned appar og bruke digitale tenester som BankID, aviser o.l

Kakadu: oppskrifter for å meistre det digitale - heilt gratis

Minneblomen Demenskor

Minneblomen demenskor øver tysdagar frå kl. 17.00 - 19.00 på Sivdamheimen, Røyrvika 10 på Bryne. Dirigent Torill Lode og pianist er Arfon Owen. Koret er forbeholdt songglade personar med demenssjukdom

 

Påmeldingsskjema til demenskoret “Minneblomen”

Ta kontakt med demenskoordinator Bente Dagmar Lura, mobil 904 07 110 eller e-post: demenskoordinator@time.kommune.no

Årleg seminar for pensjonisten i Time

Time kommune saman med kommunane Klepp og Hå arrangerer årleg eit seminar for pensjonisten i Storstova. Seminaret vart arrangert i begynnelsen av juni månad. Tittel på seminaret et “Korleis kan ein sjølv ta grep for å leva eit godt liv?”

Annonsering av seminaret blir publisert på heimesida til kommunane, i Jærbladet, på sosiale media, legekontor og matvarebutikkar

 

Inngangspartiet til Storstova - Klikk for stort bilete
Ti turar i Time
Lysløyper
Stolpejakt