Dagsenter for eldre er på Kvernaland omsorgssenter. Det har ope kvar dag frå måndag til fredag. Det er eit tilbod til eldre som bur heime som har behov for tilrettelagd aktivitetstilbod, og har behov for å treffa andre.
Eit dagtilbod kan bidra til å kunna bu heime lenger og gje pårørande avlastning.
På dagsenteret får du eit sosialt fellesskap, aktivitet og måltider. Du må søkja om å få plass. Det er tilbod om transport for dei som treng dette.
Det er eigenbetaling for denne tenesta.
Vilkår:
1.Tenestemottakarar som har behov for tilrettelagde aktivitetar av førebyggande, vedlikehaldande eller rehabiliterande karakter som:
- førebygge einsemd
- vedlikehalde fysiske, psykiske eller sosiale evner
- sikre tilfredsstillande ernæring
- førebygge behov for meir omfattande heime- eller institusjonstenester
2. Avlastning for pårørande
3. Søkar må vere busett i Time kommune
► Adresse: Gamle Åslandsvegen 27, 4355 Kvernaland