Elev i Timeskulen

Kort fortalt:

  • Elever som skal starta i 1. trinn får i november brev om kva skule dei høyrer til. Elevar som skal starta i 8. trinn får informasjon om dette i Visma Flyt skule etter 1. oktober.
  • Det er rettleiande skulekrinsar i Time. Dette medfører at ein kan søkja om anna skule enn nærskulen for elevar som skal starta i 1. trinn og 8. trinn. Søknadsfrist for dette er 1. desember før komande skuleår. Innvilga vedtak er gjeldande for den tida eleven er elev i barneskulen/ ungdomsskulen.
  • Søknader som kjem inn etter 1. desember vil berre bli vurderte dersom eleven vil ha rett på plass etter nærskuleprinsippet (oppll. §8.1)

Rutinar for korleis ein melder inn elevar som flyttar til Time kommune

  • Sjå på kart over rettleiande skulekrinsar i Time kommune.

Rettleiande skulekrinsar barneskular (PDF, 13 MB)

Rettleiande skulekrinsar ungdomsskular  (PDF, 13 MB)

Rettleiande skulekrinsar ungdomsskular på Bryne (PDF, 8 MB)

  • Ta kontakt med rektor ved den skulen eleven høyrer til ut frå rettleiande skulekrinsar. Kontaktinformasjon ligg nedst på denne sida. Det er eleven si folkeregistrerte adresse om definerer skulekrinsen. Om du er usikker på kva skule eleven skal gå på, ta kontakt med fagstab skule 51 77 83 76 eller innbyggarservice 51 77 60 00.
  • Føresette varslar skulen eleven går ved, og ber dei om å senda flyttemelding til ny skule i Time kommune.
  • Retten til gratis skuleskyss følger rettleiande skulekrinsar. 
  • Dersom eleven har delt bustad og opphaldet hjå begge foreldre er fast, planlagt og regelmessig, vil eleven kunne ha rett til gratis skyss frå begge heimar, forutsatt at dei øvrige vilkåra for skyss er oppfylt. Søknadsskjema og meir informasjon frå Kolumbus.

 

Ved adresseforandring internt i kommunen

Dersom ny folkeregistrert adresse fører til anna nærskule for eleven, varslar føresette skulen eleven går ved, og ber skulen senda flyttemelding til ny nærskule. Elevar som går i 7. eller 10. trinn på flyttetidspunktet, får fullføra opplæringa der ein går, men føresette er sjølve ansvarlege for skyss då retten til gratis skuleskyss følger rettleiande skulekrinsar. 

 

Føringar for å søka opptak ved anna skule i Time kommune:

Det er rettleiande skulekrinsar i Time. Dette medfører at ein kan søka om anna skule enn nærskulen for elevar som skal starta i 1. trinn og 8. trinn. Frist for å søkja er innan 1. desember for komande skuleår og vedtak vil bli fatta med grunnlag i kapasitet. Innvilga vedtak er gjeldande for den tida eleven er elev i barneskulen/ ungdomsskulen.  

Søknader som kjem inn etter 1. desember vil berre bli vurderte dersom eleven vil ha rett på plass etter nærskuleprinsippet ( oppll. §8.1)

  • Fyll ut skjema for søknad om opptak.
  • Søknaden vil bli behandla etter 1. desember.
  • Søknad om opptak ved anna skule blir behandla individuelt av kommunen, og resulterer i eit enkeltvedtak. Ein kan klaga på vedtaket, jf. Forvaltningslova § 28.
  • Søknaden blir behandla under føresetnad at begge føresette er informert og samtykker til søknaden. Vedtaket vil bli sendt til begge føresette, med mindre det er juridiske årsaker.
  • Innvilga vedtak er gjeldande for den tida eleven er elev i barneskulen/ ungdomsskulen, og under føresetnad om at folkeregistrert adresse til eleven er den same. Vedtaket kan kun opphevast ved nytt vedtak, og vurdering etter gjeldande rutinar og lovverk.

Søknad om opptak ved anna skule i Time kommune

Kontaktinformasjon til skulane i Time kommune:

Bryne skule, rektor Jone Siqveland, 51 77 64 02

Bryne ungdomsskule, rektor Elsa Djuve Jerstad, 51 77 64 41

Frøyland skule, rektor Gerd Rusdal, 51 77 65 01

Frøyland ungdomsskule, rektor Karl Inge Aksnes, 51 77 64 80

Hognestad skule, rektor Ingveig Nærland Ødegård, 51 77 83 41

Lye skule, rektor Sigrid Hinnaland Kjetland, 51 77 60 83

Lye ungdomsskule, rektor Ingeborg Sagen Milner, 51 77 83 71

Rosseland skule, rektor Geir Soma, 51 77 63 91

Undheim skule, rektor Anne Gunn Feed Jakobsen, 51 77 83 61

Vardheia ungdomsskule, rektor Eirik Jåtten, 51 77 60 43

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00