Kriminalførebyggande arbeid (SLT)

Kommunane i Norge har saman med politiet eit ansvar for å førebygga kriminalitet. Det er derfor etablert ein nasjonal modell for samordning av det lokale kriminalforebyggende arbeidet (SLT). Dette arbeidet vert leia av ein lokal SLT-koordinator.

Kontakt SLT-koordinatoren dersom du

  • treng råd om kven du skal venda deg til når det gjeld førebygging av kriminalitet blant unge i Time kommune
  • dersom du er bekymra for at eit barn/ungdom har, eller står i fare for å utvikla, kriminell adferd
  • dersom du er bekymra for radikalisering eller valdeleg ekstremisme

Kommunen sin SLT- koordinator sitt ansvar

SLT-koordinatoren vår har ansvar for kontakt og samarbeid med politiet og skal bidra til at interne og eksterne instansar samarbeider om å gje god hjelp og støtte til unge som begår, eller står i fare for å begå straffbare handlingar. Det er også etablert SLT styringsgruppe og politiråd der kommunen og politiet samarbeider om det kriminalitetsførebyggande arbeidet.

Kontaktinfo

Ragnhild Hobberstad
Rådgiver
E-post
Telefon 51 77 62 19
Mobil 99 77 22 04
Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00