Skulehelseteneste

Skulehelseteneste i Time kommune

Skulehelsetenesta skal arbeida for å:

- fremma eleven si psykiske og fysiske helse
- fremma gode sosiale og miljømessige forhold
- førebygga sjukdom og skade
- jamna ut sosiale forskjellar
- førebygga, avdekka og hindra vald, overgrep og omsorgssvikt.

I samarbeid med heim, skule og det øvrige hjelpeapparatet skal skulehelsetenesta arbeida for å identifisera og løysa dei helsemessige problema som knyter seg spesielt til skuleeleven sin situasjon. Helsesjukepleier er med i tverrfagleg ressursteam på skulen. Foreldre og elevar kan ta direkte kontakt med helsesjukepleier.        

 

Mer info om skulehelsetenesta finn du på her nettsia vår for helsestasjonen i Time.