Tilsyn

Oppgåver til ein tilsynsperson i fosterheimen

Ein tilsynsperson passer på at barnet får tilfredsstillande omsorg i fosterheimen. Tilsynspersonen skal vera ein person barnet kan ta opp eventuelle problem med, for eksempel problem knytt til plasseringa eller barneverntenesta. Tilsynspersonen skal skriva og senda rapport til kommunen etter kvart tilsynsbesøk.

Tal og lengd på tilsynsbesøk

Tilsyn skal finna stad så lenge barnet bur i fosterheim, eller fram til barnet er 18 år. Det skal førast tilsyn så ofte som forholda i det enkelte tilfellet gjer det nødvendig, men minst fire gonger i året.

Tid brukt på tilsynet er vanlegvis inntil fire timar per besøk, inkludert kjøring og rapportskriving.
 

Skjema for rapportar
 

Rapport etter tilsyn i fosterheim (DOCX, 49 kB)

Rapport fra tilsyn under samsvær (DOCX, 21 kB)

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00