Fritidskontakt

Nokre menneske treng hjelp for å kunna koma seg ut, vera saman med andre eller delta på aktivitetar. Støttekontakten/fritidskontakten er den hjelparen som bidrar til å gje ei meir meiningsfull fritid, auka tru på seg sjølv, noko å sjå fram til og gode minner. Støttekontaktar/fritidskontaktar får timebetalt av kommunen.

Kven kan vera støttekontakt/fritidskontakt

Me treng fritidskontaktar med ulike erfaringar og interesser. Me ønsker å koma i kontakt med dei som oppfyller desse kriteria:

  • Er ein påliteleg person som liker å jobba med menneske.
  • Er over 18 år, har ein stabil livssituasjon og kan binda deg for minst eitt år. Dersom du er spurt om å vera støttekontakt/fritidskontakt for ein person du kjenner, kan du vera 16 år, og i kortare tid enn eitt år.
  • Kunna levera oppdatert politiattest (gyldig i tre månadar frå nå). 

I barnevernet er det barn og ungdommar som er i forskjellige livssituasjonar. Fleire av desse kan ha problematiske familieforhold og lite sosialt nettverk, noko som gjer at dei treng gode og trygge unge vaksenpersonar og rollemodellar som kan bidra til tryggheit og positive erfaringar.

Teieplikt

Alle støttekontaktar/fritidskontaktar  må signera erklæring om teieplikt. Teieplikta gjeld ikkje ovanfor barneverntenesta eller helse- og sosialkontoret. Dersom du er usikker, kan du spørja kontaktpersonen din.

Ønsker du å vera fritidskontakt?

Då kan du ta kontakt på telefon 90537185 eller senda e-post til barneverntenesta i Time kommune.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00