Besøksheim

Besøksheim er ein heim der familien tek imot eit barn eller eit søskenpar i helger og eventuelt feriar.

Det er ikkje nødvendig med sosialfagleg utdanning for å kunna verta besøksheim. Familien må ha ein stabil livssituasjon og kunna binda seg for minst eitt år. Det må ikkje vera store livskriser, rusproblem eller psykiske problem i familien.

Besøksheimen må ha tid, overskot og sengeplass til eit ekstra barn. Familien bør kunna leva seg inn i og forstå barn sine ulike behov og reaksjonar. I dei fleste samanhengar er det å oppleva ein trygg og føreseiieleg familiesituasjon det barna treng aller mest. Besøksheim er ein støtte til familiar/fosterfamiliar som på forskjellige grunnlag har behov for dette.

Besøksforeldre må legga fram uttømande og utvida politiattest.
Det er krav om ordinær politiattest av husstandsmedlemmar som er over 18 år. Politiattesten skal ikkje vera eldre enn tre månadar. 

Kven er besøksbarna?

Besøksbarna har behov for eitt nytt miljø og nye opplevingar med fleire trygge vaksne som bryr seg om dei. Målet med tiltaket kan variera frå sak til sak. Oftast handlar det om å gje barnet eit pluss i kvardagen, la det få oppleva glede og tryggleik, samt få eit større nettverk. Nokre av barna treng tilskot av vaksenmodellar for å kunna sjå andre handlingsmønstre i ein familie. Alderen på besøksbarna er 0-18 år.

Korleis verta besøksheim?

Etter dialog med barneverntenesta vert det avtalt eit besøk og utarbeidd ein rapport. Politiattesten må vera mottatt for at heimen skal verta godkjent som besøksheim. Kva for eit barn som passer saman med familien vert vurdert av barnevernet i samråd med besøksheimen. Barn som treng besøksheim er ulike, og det trengs derfor ulike familiar.

Kontrakt vert skriven med eitt års varigheit og inneheld blant anna tiltak og mål for det enkelte oppdraget. Køyre- og timelister skal besøksheimen senda til barneverntenesta minimum kvar andre månad.

Godtgjersle for besøksheim

Besøksheimen får arbeidsgodtgjersle og utgiftsdekning etter KS sine satsar. Det er vanleg å vera besøksheim kvar tredje eller fjerde helg. Somme barn kan ha behov for å vera nokre ekstra dagar i besøksheimen i forbindelse med ferie. Det varierer korleis besøkshelger og dagar vert strukturerte. Besøksheimen kan for eksempel henta barnet/barna fredag ettermiddag og bringa dei heim søndag ettermiddag. Køyregodtgjersle vert gjeve etter gjeldande satsar. Arbeidsgodtgjersle er skattepliktig.

Har du spørsmål om besøksheim?

Kontakt oss på mobil 90537185 eller via sikker digital innsending 

 

Rapport fra besøkshjem

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00