Opptak og fristar

Det er felles opptak for alle barnehagane i Time kommune, både dei kommunale og dei private.

Hovudopptak

  • Det er eitt årleg hovudopptak for barnehagane i Time kommune. Søknadsfristen for dette er 1. mars
  • De kan søka om plass heile året, men for å få plass frå 15. august må de søka innan fristen for hovudopptaket og oppfylla lovkrava som gjev rett til plass
  • Barn som vert eitt år i september, oktober og november må ha oppstart innan utgangen av den månaden dei fyller eitt år og for barn fødde i desember må oppstart vera seinast 15.desember
  • Svar på om de får barnehageplass i hovudopptaket vert sendt ut elektronisk i slutten av mars
  • Alle som har søkt og som ikkje får plass vil automatisk stå på venteliste
  • Etter hovudopptaket er det supplerande opptak heilt fram til neste hovudopptak. Barnehagane vil ta inn barn frå ventelista så fort det vert ledige plassar

 

Rett til barnehageplass i Time kommune:

  • de må søka innan 1. mars 
  • barnet må bu i Time kommune ved oppstart i barnehagen
  • barnet må fylla eitt år seinast innan utgangen av desember det året dei søker om plass

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00