Senior-og brukarrådet perioden 2023-2027

Senior- og brukarrådet er eit rådgjevande organ som skal stimulera til kreativitet og kvalitet på tenester og bidra til engasjement og medverknad.

Dei har spesielt ansvar for å uttala seg i saker som gjeld funksjonshemma og seniorane sine levekår. Dette gjeld mellom anna tilkomst, arbeid mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne og tenester for menneske med nedsett funksjonsevne. Rådet kan også ta opp saker på eige initiativ.

Har du innspel til saker som Senior- og brukarrådet bør ta opp, kan du ta kontakt med eit av dei ni medlemmane. 

Kontaktinformasjon til medlemmer og varamedlemmer i senior-og brukarrådet

Senior- og brukarrådet 2023-27, sju stående mennesker bak en kvinne sittende i rullestol foran inngangen til Time rådhus - Klikk for stort bileteFrå venstre bak: Astrid Holen, Elisabeth Fosse, Ranveig Undheim, Åse Corneliussen, Kjell Sund, Oddmund Gravdal og Bitsuamlak Habte Mehari. Foran: Sissel Løchen. Ikkje til stades: Kjell Olav Stangeland. Are M. Heiseldal

Reglement for Time senior-og brukarråd.  (PDF, 60 kB)

Komplett oversikt over medlemmer og varamedlemmer i alle utval.