Stemmerett, manntal og legitimasjon

Kven har stemmerett ved stortingsvalet?
  • Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2025, som er eller har vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge.
  • Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og husstanden deira har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.
Står du i manntalet?

For å kunne stemma ved valet, må du stå innført i manntalet.
Veljarar som er busette i Norge vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni i valåret.

Flyttar du til ein annan kommune etter 30. juni, er du fortsatt registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du flytta frå sjølv om du melder flytting.

Personar med stemmerett som har budd i utlandet i over 10 år, vert innført i manntalet når dei stemmer. Dei vert då manntalsførte i den kommunen der dei sist var folkeregistrerte som busette.

På valdagen må du stemma i den kommunen du flytta frå, eller så kan du førehandsstemma. Det er valfritt kva kommune ein vil førehandsstemma i.

Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn på Innbyggarservice i Time rådhus og Time bibliotek i veke 28 til og med valdagen.

Klage på feil i manntalet sender du til: Valstyret i Time, Postboks 38, 4349 Bryne.

Spørsmål om manntalet: tlf 51 77 60 00 / 99106691

Les meir om manntal på valg.no

Legitimasjon

Hugs å ta med legitimasjon når du skal stemma. 

Eksempel på godkjend legitimasjon er pass, førarkort (digitalt førarkort vert og godtatt) og bankkort med bilde. 

Slutt på valkort

Frå og med Stortingsvalet 2025 vert valkortet erstatta av informasjon til veljaren om kva for kommune dei kan stemma i på valdagen, og at dei må visa legitimasjon.

Kvar kan eg finna meir informasjon om valet?

Du finn meir informasjon om val på valg.no