Planendring: Plan 0137 - Idrettsområde Frøyland, Kvernaland; Plan 0154 - Reguleringsplan for barnehagetomt på gnr. 28 bnr. 53, Frøyland, Kvernaland og Plan 0097 - Frøyland- Kvernaland, nordvestre del

Utval for lokal utvikling vedtar endra plankart datert 23.10.2024 for plan 0137, Busetnadsplan for idrettsområdet Frøyland, Plan 0154.00, Reguleringsplan for barnehagetomt på GNR. 28 BNR. 53, Frøyland, Kvernaland og Plan 0097.00 Frøyland Kvernaland, nordvestre del. 


Utval for lokal utvikling vedtar å endra føresegner datert 24.10.2023 til Plan 0097.00 Frøyland Kvernaland, nordvestre del. 
Vedtaket er gjort i medhald av § 12-14 i plan- og bygningslova.
 

Utval for lokal utvikling ber formannskapet om å ikkje krevja gebyr for planendringa
 

Søknad om endring er sendt inn på vegne av Frøiland idrettslag.Saka gjeld endring i plankart for plan 0137, Busetnadsplan for idrettsområdet på Frøyland. Det er og naudsynt med endringar i føresegner til reguleringsplan 0097 som busetnadsplanen detaljerer. Endringa overlappar og plankartet til plan 0154.  


Med endringa kan det etablerast ein ny fotballhall på maksimalt 3500 m2 bebygd areal (BYA). Det er lagt til rette for trafikksikker tilkomst over eksisterande parkeringsareal. 
I planprosessen er flaum, omsyn til elva / Frøylandsbekken, behov for sti langs bekken og tilkomst for mjuke trafikkantar vurdert særskilt. 
 

Dokument i saka: dokument