
Føremålet med reguleringa er å leggja til rette for fem små bustadar med personalbase, og ei nettstasjon på 5 x 5 m. Desse bustadane er ein del av kommunens bustadsosiale handlingsplan med mål om at adle ska bu trygt og godt i eigen heim. Bustadane leigast ut på ordinære vilkår. Det legg ikkje opp til at barn skal bu her. Eigedomen er på 5,1 daa og ligg på Reevest, Grødalandsvegen, 2 km sørvest for Bryne sentrum.
Informasjon om klage
Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Rogaland, jamfør §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova.
Eventuell klage skal oversendast Statsforvaltaren i Rogaland via Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne. Det er også mogeleg å senda eventuell klage via kommunens nettside. Gå til menyvalg Skjema og Klage på vedtak – skjema.
Klage må være sendt seinast tre uker etter kunngjering av vedtaket.
Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må være lagt fram seinast 3 år frå i dag, jf. §§ 15-2 og 15-3 i plan- og bygningslova.
Plandokument:
Alle dokument som blei behandla i kommunestyret finn du her eller ved å gå til politikk → Møte og saksdokument → og velg Time kommunestyre og møtedato 18 juni. I sakslista vil du finne alle dokumentene knytta til vedtaket.