Høyring - nye vegnamn på Kvernaland
Det skal fastsetjast namn på adresseparsellar i bustadfelt på Kvernaland, jf. Reguleringsplan 0545.00 Detaljregulering for bustader i BK 3, Kvernaland.
Utval for lokal utvikling vedtok 29.08.2024 å leggja følgjande forslag ut på høyring, jf. ULK-79/24:
Parsell 1: Geilane
Parsell 2: Klugebakken
Namn på nye adresseparsellar kan ta utgangspunkt i lokale stadnamn, personnamn eller veljast med utgangspunkt i eit emne, f.eks. blomar, treslag, fuglar osb.
Det er Utval for lokal utvikling i Time kommune som vedtar namna etter føregåande høyring.
Du kan senda inn merknader til forslaga via knappen nedanfor eller eller per post til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne.
Les saksdokumenta
Gje innspel til vegnamn
Frist for å gje merknader er 01.10.2024.
Sist endra 10.09.2024 14.12