Føremålet er å endra plassering på pumpestasjonen (#7) og flytta eit rekkefølgje krav fram i tid, og over til delfeltene B5, B5 og B6. Det er per dags dato same utbyggjar på feltene endringane skjer på. Grunngjevinga for endringsforslaget er bedre kostnadsfordeling internt i feltet, og ein meir logisk utbyggingsrekkefølgje. Endringa skal ikkje føra til justeringar i overvatnberekningane i godkjent plan, og konsekvensane for vassdraget skal ver det sama som før endringa. Time kommune har høsten 2024 etablert vasstand målar i Salsvatnet, sånn ein kan halda dette under oppsikt.
Det er og åpna for å endra på VA rammeplanen. Her vil ein sjå på alternativ løysing i form av ein åpne grøft på nordsia av Ålgårdsvegen, og østover med utløp i Salsvatnet. Endeleg avgjera vil koma fram i ny/revidert VA rammeplan.
Endringsforslaget legg opp til endringar både i plankart, bestemmelser og ein oppdatert/ny VA rammeplan.
Sjå vedlegg for meir informasjon for fleire detaljar om endringa.
Merknader sendast via nettsida, eller til Time kommune, Postboks 38, 4349 Bryne. Kommunedirektøren ber om at eventuelle leigetakarar og andre rettshavarar informerast om planarbeidet. Merknader blir ikkje svarast ut med eige brev, men blir heller referert til og kommentert i vedtaket og eventuell vidare saksbehandling og politisk behandling.
Frist for å gi merknader er 14.03.2025.
01 Høyringsdokumentar