Plankonsulent Arc Arkitektur AS har på vegne av Byggelaget Time AS sendt inn forslag til endring av Plan 0524.00 – Detaljregulering for bustader i Gamle Hognestadvegen og Jacob Bakars veg. Forslag til endring av plan blei rekna som komplett 25. april 2025.
Planen blei opphavleg godkjend 21.03.2023. Siste reguleringsendring er datert 29.08.2024.
Formålet med føreslåtte endringar er å presisere reglar for bruk og gyldigheit av regulert byggegrense.
Illustrert bebyggelse som blei lagd til grunn i kommunens vedtak i ULK-011/25 og godkjend av Statsforvaltaren 15.04. 2025 ref. 2025/1983 viser korleis busetnaden er plassert og søkt om. Byggegrensa er lagt i formålsgrensa for BBB1 og BBB2. Balkongar, karnappar o.l. vil krage noko over byggegrensa, og dette har ikkje blitt sikra i føresegnene. For å sikre dette blir det føreslått å leggje til to punkt under fellesføresegnene til arealformåla. Desse blir viste med raud skrift i vedlagt forslag til føresegn.
Sjå vedlegg for meir informasjon for fleire detaljar om endringa.
Merknader sendast via nettsida, eller til Time kommune, Postboks 38, 4349 Bryne. Kommunedirektøren ber om at eventuelle leigetakarar og andre rettshavarar informerast om planarbeidet. Merknader blir ikkje svarast ut med eige brev, men blir heller referert til og kommentert i vedtaket og eventuell vidare saksbehandling og politisk behandling.
Frist for å gi merknader er 21.05.2025
Høyringsdokumentar (PDF, 3 MB)