ⓘ Aktuell informasjon

Høyring: Endring av Plan 0481.00 Detaljregulering for fortetting nord for Frøylandsbekken, Kvernaland

Plankonsulent Asplan Viak AS har på vegne av Østerhus AS sendt inn eit forslag til
planendring av Plan 0481.00– Detaljregulering for boligbygging
nord for Frøylandsbekke. Planen blei opprinneleg godkjent 18.06.19, og siste
reguleringsendring er datert 21.08.2023. 

Føremålet/hovedhensikta med foreslåtte endringar er å endra på parkeringsløsninga frå
ein automatisk P- anlegg til tradisjonell parkeringskjellar under bakken ved felt KS10. Dette
frigjer arealer over bakken, som gjerast om til uteopphaldsareal og bustadformål. I tillegg
foreslås det mindre justeringar i føresegn i blant anna BRA tabellen.

Sjå vedlegg for meir informasjon for fleire detaljar om endringa. Endringar vil skje både i føresegner og plankart.

Det blir gjort merksam på at vedlagte illustasjonar er eksempel på kva som kan koma, men dei vil ikkje bli gjort juridisk bindande via denne planendringen. 

Merknader sendast via nettsida, eller til Time kommune, Postboks 38, 4349 Bryne. Kommunedirektøren ber om at eventuelle leigetakarar og andre rettshavarar informerast om planarbeidet. Merknader blir ikkje svarast ut med eige brev, men blir heller referert til og kommentert i vedtaket og eventuell vidare saksbehandling og politisk behandling.

Frist for å gi merknader er 14.02.2025. 

01 Høyringsdokumentar