Ordførar Andreas Vollsund

Som ordføraren ønsker eg ein open dialog med innbyggarane i kommunen.
Ein dag i månaden vil eg bruka å treffa dei av dykk som ønsker det.  Møtet vil føregå på ein kafè i Bryne.  Kor det vert vil du få ein e-post om nokre dagar før avtalt tid.

Du kan bestilla tid i kalenderen min på aktuelt tidspunkt.  Bruk knappen «reserver» på sida her.  Når du bestiller tid, må du også legga inn litt om kva du ønsker å snakka om på møtet. 
Eg har sett av desse tidene fram til sommaren: 
fredag 19. mars kl. 11.30-15.00 
fredag 9. april kl. 09.00-14.00
laurdag 10. april kl. 11.00-15.00
fredag 7. mai kl. 09.00-14.00
fredag 28. mai kl. 10.00-14.00
torsdag 10. juni kl. 09.00-14.00 

Nøkkelinformasjon

Ofte stilte spørsmål