Vil du verta fritidskontakt?

illustrasjon av barn og voksen med drage - Klikk for stort bilete

Time kommune treng fleire fritidskontaktar. Å vera fritidskontakt er eit givande arbeid, der du får lov å utgjera ein stor forskjell for nokon som treng det. 

Kven treng fritidskontakt:  

Personar som av ulike årsakar treng litt hjelp til å vera sosiale og få eit kjekt innhald på fritida. Dette er personar i alle aldrar. Aktivitetane ein gjer saman kan vera å gå tur, følge/ledsage på ulike fritidsaktivitetar (idrett, kulturskule o.l) gå på kino og konsertar, gå på kafe etc.  

Det som er viktig er at det er aktivitetar som begge partar er interesserte i. Derfor vert oppdraget alltid starta opp med eit fyrste møte mellom fritidskontakt og den som treng det, der ein kan finna ut om det er kjemi og at ein har litt av dei same interessene.  

Kven kan verta fritidskontakt: 

  • du må vera over 16 år 
  • ha interesse av å jobba med mennesker 
  • vera omsorgsfull, påliteleg og halda avtalar 
  • vera trygg i oppgåva 

Kva arbeidsoppgåver har ein fritidskontakt: 

  • du skal bidra til å gje ein person ei meiningsfull fritid 
  • arbeidstida vert avtala med den du er fritidskontakt for 
  • oppdraget vil vera frå 2 - 4 timar pr. veke 
  • du kan vera fritidskontakt for fleire, men har kun eit oppdrag om gonga 
  • du får ein oppdragsavtale og vert løna av Time kommune 

Tykkjer du dette virkar interessant? Meld din interesse her: 

Søknadsskjema for fritidskontakt  

Treng du meir informasjon eller lurer på noko, kan du ringa Teneste- og samordingskontoret på tlf. 476 08 160.