
Å vera nær nokon som lever med demens kan vera utfordrande – både for den som er sjuk og for familien. Mange venner ønsker å støtta, men veit ikkje alltid korleis. Derfor inviterer me til ein vennekveld, der me saman set fokus på betydninga av vennskap, kommunikasjon og det å vera til stades i ei vanskeleg tid.
Temaa for kvelden er:
- Kva er demens?
- Kommunikasjon og aktiviteter
- Korleis vera ein god venn når livet endrar seg?
Dette er ei anledning til å få meir kunnskap, dela tankar og ikkje minst styrka fellesskapet rundt både den som har demens og dei pårørande.
Tid: Torsdag 12. mars 2026, klokka 17.00-20.00
Stad: Time rådhus, kommunestyresalen
Kvelden er berekna for pårørande, gjerne saman med venner av personen med demens. Venner av personen med demens kan òg komma utan pårørande. Det er gratis å delta, og det vert enkel servering, men det er begrensa antal plassar.
Påmelding skjer via telefon til demenskoordinator Bente Dagmar Lura, 904 07 110, innan 3. mars.
Velkommen – du betyr meir enn du trur!
Arrangør: Demenskoordinatorane på Jæren saman med Jæren Demensforening.